Det har vore mykje skuledebatt i Sogndal, men lite av den har dreia seg om det som skjer i klasserommet

Skoleelev som rekker opp hånden
Venstre vil sikre midlar til innhaldet i skulen. , Foto: Pexels

Det har vore mykje skuledebatt i Sogndal, men lite av den har dreia seg om det som skjer i klasserommet. I mellomtida har søknaden til lærarutdanninga stupt.

Venstre vil sikre midlar til innhaldet i skulen. Dette er viktig for å:

  • Gje skulane råd til å ha to kontaktlærarar i klassane, slik at ikkje belastninga blir for stor på enkeltlæraren. Dette er spesielt viktig for nytilsette.
  • Gje skulane råd til lærebøker på papir i alle fag. Så får digitale ressursar kome i tillegg der det er formålstenleg etter læraren si vurdering.
  • Gje lærarane kursing i nye element i læreplanen, til dømes programmering. Korleis skal lærarane kunne undervise i dette når dei ikkje har fått opplæring sjølv?

Det er KS som forhandlar løn på vegner av kommunane som arbeidsgjevar. Venstre vil arbeide for at lærarane blir prioritert i lønsoppgjera framover. Slik sikrar me ei skikkeleg løn for lærarane og rekruttering til yrket. Det skal vere utdanna lærarar i alle klasserom!

Av Magnhild Sægrov, 2. kandidat for Sogndal Venstre

 

(Dette innlegget vart første gong publisert i Sogn Avis 24.08.23)