Torsdag avvikla Studentparlamentet valtorg på Høgskulen med invitasjon til dei politiske partia i Volda.
Venstre meiner at fagskulane og høgskule- og universitetsmiljøa er svært viktige for å utvikle framtidas kompetanse.
Venstre vil mellom anna auke tilgangen til fleksible og desentraliserte utdanningstilbod for å fylle måla om livslang læring, samt behova for etter- og vidareutdanning i regionane. Vi vil også styrke satsinga på yrkesfagleg høgare utdanning i samarbeid med det lokale arbeidslivet. Slik kan fleire få fagskuletilbod med høve til fleksibel opplæring tilpassa lokale og regionale behov.
Du kan lese meir her:
I kapittel 3 finn du meir om utdanning.