Det viktigaste er at du som ung er med å bestemme kven som skal sitte i kommunestyret og på fylkestinget. Vi håpar di stemme går til Venstre, for å ta Stad kommune og Vestland framover.
Di stemme betyr akkurat like mykje som alle dei andre!
Korleis stemme: Du kan sjølv bestemme om du ynskjer å førehandstemme mellom 10. august og 8. september eller stemme på valdagen.
Du kan førehandsstemme i resepsjonen på Stad rådhus på Nordfjordeid, på innbyggjartorget i kommunehuset i Selje, eller i kva kommune i landet du ynskjer. På valdagen mandag 11. september, stemmer du i kommunen du er registrert busatt i. Ta med legitimasjon.
Her kan du lese valprogrammet vårt eller brosjyren vår, eller laste ned dette brevet.
Godt val!
Med helsing
Iver Flyum-Bjørlo, ungdomskandidat Stad Venstre, Jon Frogner, ordførarkandidat Stad Venstre, og Åsta Årøen, fylkesordførarkandidat Vestland Venstre