Utfordringa er her allereie. Me kan ikkje venta med planlegginga og prioriteringa, verken innbyggjarar eller kommune. Sogndal Venstre støttar omstillingsarbeidet i helse- og omsorgstenestene, der etablering av bemanningssentral bør vera eitt av fleire tiltak. Mykje tid i tenestene går med til å fylle turnus. Knappe ressursar må brukast best mogleg, me må difor også prioritere meir førebyggjing.
Omstillinga må sikre midlar som gjer at folk enklare kan hjelpe seg sjølv, det er også kva folk helst vil.
Omstillinga må sikre midlar som gjer at folk enklare kan hjelpe seg sjølv, det er også kva folk helst vil. Venstre vil leggja betre til rette for at folk planlegg eigen alderdom, og får god omsorg i eigen heim. Slik kan folk leva eit mest mogleg sjølvstendig liv, og me sikrar gode institusjonstilbod, når behov.
Sogndal eldreråd utfordrar politikarane til å tenkja langsiktig og heilskapleg kring aldersvenleg tettstadutvikling i Sogndal. Eldrerådet er redde for at behova for tilrettelagde bustader og tilgjengelege bumiljø skal forsvinna i kvart enkelt prosjekt. Sogndal Venstre er einige i at det manglar svar på korleis me best kan sikra omsorgs- og aldersvenlege bustader og bumiljø. Ikkje berre i tettstaden Sogndal, men i heile kommunen.
Mange ønskjer å bli gamle der dei bur i dag. Andre ønskjer å kjøpe, eller leige ein betre tilpassa bustad. Me treng difor å gjera fleire grep. Venstre ventar utolmodig på arbeid med bustadstrategi, denne vil me skal ha eit konkret handlingsprogram, som støttar og stimulerer bustad- og tettstadutvikling i heile kommunen, med fleire omsorgs- og aldersvenlege bustader og bumiljø.
Venstre har støtta at me set av større lånerammer for startlån, og me vil ha «startlån for eldre».
Ikkje alle har økonomi til å tilpasse, eller kjøpe seg ny bustad heilt på eiga hand. Venstre har difor fremja forslag om at det i økonomiplanen skal setjast av midlar for å stimulere bustadtilpassing. Venstre har støtta at me set av større lånerammer for startlån, og me vil ha «startlån for eldre».
Me vil også jobba for at kommunen samarbeider med utbyggjarar om å utvikle bustadtilbod med fellesløysingar, og vurderer avtaler som sikrar kommunen rett til å leige bustader, eller å kjøpe seg inn i prosjekt. Me vil at kommunen startar planlegging av tryggleiksbustader. Regjeringa stoppa trygdebustadsatsinga til Solberg-regjeringa, men tiltaket er no inne i det nasjonale eldrebustadprogrammet. Her må Sogndal rigge seg for noko som vil kome.
Me er klare, stem Venstre!
Av Sogndal Venstre
(Dette innlegget vart først publisert i Sogn Avis 21. 08.23)