Abid Raja vitja Høgskulen. STERKT UROA OVER NEDGANGEN I LÆRARUTDANNINGA

Abid Raja saman med rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, rådgjevar Laila Walseth Lid, representantar for studentparlamentet, fylkestingskandidatane Pål Farstad, Lena Landsverk Sande, Annika Brandal, og lokale Venstrefolk frå Ørsta og Volda, Volda Venstre

«At færre og færre studentar ynskjer å bli lærarar er både dramatisk og nedslåande», meinte Abid Raja, nestleiar i Venstre, då han besøkte Høgskulen i Volda sist fredag. Her møtte han rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, rådgjevar Laila Walseth Lid, og representantar frå studentparlamentet. Med i delegasjonen var også fylkestingskandidatane Pål Farstad, Lena Landsverk Sande og Annika Brandal saman med lokale Venstrefolk frå Ørsta og Volda.

Rektor Mjellem Tonheim orienterte om den illevarslande nedgangen på lærarstudentar. «Reduksjonen gjeld alle lærestadane i landet, men er størst i distrikta. På landsplan er nedgangen på over 20% frå i fjor,» sa Mjellem Tonheim.

Abid Raja som er medlem av utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget , meinte at dette er ei trist utvikling for alle som brenner for den norske skulen og læraryrket. «Dette er alvor, og regjeringa må snarast ta tak i problema. Vi treng ein eigen strategi for rekruttering av lærarar.»

Rekor Mjellem Tonheim var også uroa over at støtta til skulepengar for utanlandske studentar vart fjerna utan varsel i statsbudsjettet for 2023. «Alt no ser vi resultatet av dette. For Volda medfører kuttet at berre ein student utanom EU/EØS-området vil studere ved Høgskulen dette semesteret», fortalde Mjellem Tonheim.

Abid Raja svara at Venstre kjempa mot innføringa av skulepengar for utanlandske studentar. Han hevda det er merkeleg at regjeringa med budsjettstøtte frå SV vil øydelegge denne ordninga, stikk i strid med ordlyden i Hurdalsplattforma. Studentutveksling over landegrensene er ein viktig faktor for å kunne utvikle internasjonalt forståing og samarbeid. Og det er viktig og berikande for universiteta og høgskulane våre. Dersom Venstre kjem i styringsposisjon etter stortingsvalet i 2025, skal denne ordninga reverserast,» lova Abid Raja.

Raja sa seg imponert over Høgskulen i Volda, og vil gjerne besøke skulen att i september når valkampen er over.