Vil ha utsleppsfrie byggjeplassar i Sogndal

Bjarte Haugen, Sogndal Venstre., Foto: Privat

Venstre vil gjere meir for å få fart på grøn omstilling. Det er viktig for klima og miljø, og for konkurransekrafta til det lokale næringslivet. Kommunen må gå føre i eigne prosjekt, og stimulera næringslivet.

Sogndal har mange små og mellomstore bedrifter. Venstre vil at kommunen stimulerer grøn omstilling gjennom meir samarbeid, informasjon og rettleiing, og etablerer næringsfond som støttar tiltak og utviklingsarbeid. Det treng bedriftene. Me vil også at kommunen aktivt informerer om korleis kommunen driv innkjøp og rettleier verksemder i korleis kvalifisere seg inn mot miljøkrav i offentlege kjøp.

Dei komande åra skal Sogndal kommune gjennomføre store byggjeprosjekt. Venstre vil ha ambisiøse mål om å kutte utslepp, redusere støy og risiko for ureining, og sikre trygge arbeidsmiljø. Difor vil me skjerpa innkjøpsstrategien og stille tydelege miljøkrav, bl.a. om utsleppsfrie byggjeplassar.

Bygg- og anleggsnæringa er ansvarleg for ca. 4,5 prosent av klimagassutsleppa i landet. Utsleppa kjem hovudsakleg frå transport og drift av anleggsmaskinar.

 

Av Bjarte Haugen, 1. kandidat for Sogndal Venstre

(Dette innlegget vart første gong publisert i Sogn Avis 16.08.23).