Har me laga ein perfekt arealplan? Neppe

Geit på beite
Arealplanen treng å skjerpast. Det burde miljøpartiet SV og matpartiet SP bidra til., Foto: Sogndal Venstre

Ukritisk arealbruk og arealendringar er dei største trugsmåla mot naturmangfald og nedbygging av dyrkbar mark. Og det er i kommunane sin arealpolitikk at måla i FNs naturavtale og regjeringa sin skjerpa arealstrategi må omsetjast til handling. Dette er diverre lite synleg i framlegg til arealplan for Sogndal kommune.

Me skulle ønskje at det politiske fleirtalet kunne ha høgare ambisjonar på vegner av naturmangfald og matjord, særleg undrar vi oss over miljøpartiet SV og matpartiet Senterpartiet

Sjølvsagt skal me setja av areal og leggja til rette for busetting og næring. Der me kan få til ombruk av allereie nedbygde areal, må me gjera det. Men me skal ikkje setja av meir areal enn det me treng. I enkelte delområde er det sett av meir areal enn nødvendig.

Me må prioritere dei areala som vil bidra til god samfunnsutvikling over tid, og alltid med mest mogleg omsyn til jordressursar, natur- og kulturverdiar.

I høyringsframlegget blei det, mot stemmene til Venstre og MDG, likevel lagt inn meir areal som inneber nedbygging av dyrka og dyrkbar mark, ligg utanfor tettstadområda, vil gje auka bilbruk på smale gardsvegar, løyse ut behov for skuleskyss og stå i konflikt med natur- og kulturverdiar. Det blei vedteke å leggja til rette for bustadfelt og golfbane på garden Hovland, spreidd bustadutvikling på garden Vangestad, nytt fritidsbustadområde i LNF-område i Amla, nye bustadområde i Eidsgrendi og Eide. I desse områda er det allereie sett av gode areal som dekkjer føremåla.

Me skulle ønskje at det politiske fleirtalet kunne ha høgare ambisjonar på vegner av naturmangfald og matjord, særleg undrar vi oss over miljøpartiet SV og matpartiet Senterpartiet. Venstre meiner at framlegget til arealplan manglar ambisjonar og pådriv for ein skjerpa arealpolitikk, slik matberedskap, natur- og miljøkrisa krev.

Det krev mot å tenkja langsiktig og seia nei til særinteresser.

Fine ord har til sist liten verdi, det er vedtaka som tel.

 

Av Trude Risnes, Sogndal Venstre

(Dette innlegget vart første gong publisert i Sogn Avis 19.08.23)