Ope møte om energi med Ola Elvestuen

Ola Elvestuen er Venstres stortingsrepresentant i energi- og miljøkomiteen., Foto: Mona Lindseth

Møre og Romsdal Venstre har gleda av å invitere til ope møte om energi –

Morgondagens behov og morgondagens løysingar

Møtet vert måndag 28. august 2023 kl. 11.00-14.30, i Ålesund, Framtidslaben på NMK 6. etasje

Venstre har fått med seg berande aktørar innan energisegmentet som innleiarar:
Tafjord Kraftproduksjon AS – Erik Andre Helseth, leiar for kraftforvaltning
Linja AS (Mørenett) – Peter Worren Kirkebø
Norwegian Hydrogen – Jens Berge

Ola Elvestuen – stortingsrepresentant for V – medlem i Energi- og miljøkomitéen og medlem i Nordisk råd, der han mellom anna er leiar for utvalet for eit berekraftig Norden.

Det kan kome fleire innleiarar til, for temaet fenger breitt.

Innleiarane vil frå sin ståstad belyse status pr i dag, og sjå inn i framtida for å seie noko om forventa behov og moglege løysingar på kort og lang sikt.

Vi har utfordra dei på mellom anna disse spørsmåla:

  • Har vi ei straumkrise i vår region?
  • Kommuner og næringsliv har store planar for utvikling, som også inkluderer elektrifisering- og dermed auka behov for straum. Korleis skal vi skaffe meir straum?
  • Vasskraft, vindkraft til lands og til havs, fusjonsenergi, fisjonsenergi, hydrogen – kva er realistisk og kva er ønsketenking?
  • Korleis balansere utvikling når vi også skal ta vare på natur og naturmangfald?
  • Vil elektrifisering av Melkøya påverke vår region?
  • Korleis ser energiutviklinga ut frå Stortinget. Det nasjonale perspektivet og kanskje også eit blikk på internasjonal energiproduksjon.

MÅLGRUPPE: Næringsliv, planleggarar, politikarar, studentar og andre interesserte.

PÅMELDING
Påmelding er ønskeleg for effektiv møteavvikling, både for å vite om lag kor mange som kjem, men også fordi NMK har inngangskontroll. Så send oss ei melding på førehand med namn og tlf nr slik at adgangskort ligg klart ved inngangen når du kjem.

Skulle du ha gløymt det, kan du sjølv registrere deg på skjerm ved ankomst.

Påmelding via skjemaet her.

Pressekontakt/spørsmål
Kari Grindvik (nestleiar i M&R V)
99705856
[email protected]