Politisk program
2023 – 2027

Vestnes Venstre

Her finner du Vestnes Venstres politiske program. Dette er valgprogrammet vårt og politikken vi i Vestnes Venstre går til valg på og vil jobbe for i Vestnes kommune i perioden 2023 – 2027.

Framover med Venstre!

Våre hjartesaker: Fridom til enkeltmennesket, ta vare på miljøet og fellesskapet, vi heier på gründeren, dugnadsånda og lokalt sjølvstyre, framovermoglegheit for å lære nye ting, og du skal få lov å elske den du vil.

Vi er partiet som tar Norge framover!

Skule

  • Venstre vil arbeide for ein ny frittståande felles ungdomsskule for heile kommunen
  • Venstre vil styrke helsesøstertenesta
  • Vi vil gjeninnføre MOT

Kommunale bygg og eigedommar

  • Venstre vil styrke vedlikehald av kommunale bygg

Barnehage

  • Venstre vil gjeninnføre løypande opptak
  • Venstre vil at første året i barnehagen skal vere gratis for alle
  • Venstre vil ha fleire menn i barnehagen

Økonomi

  • Venstre vil påverke styresmaktene slik at rammevilkåra til kommunen blir auka
  • Kommunen skal ikkje påleggjast nye oppgåver utan at nok midlar følgjer med frå staten
  • Venstre ønskjer å fjerne eigedomsskatten

Helse, rekreasjon og alderdom

  • Venstre vil styrkje helse- og omsorgstenesta
  • Venstre ønskjer at det skal bli meir tid til den enkelte brukar
  • Venstre vil styrke rekrutteringa innan helse og omsorg
  • Vi vil styrkje dagsentertilbodet
  • Venstre vil leggje til rette for mindre bueiningar med fellesareal for eldre, gjerne med hjelp frå private aktørar
  • Venstre vil styrkje arbeidet med rusførebyggjande tiltak og psykisk helse
  • Venstre vil innføre frikortordning i tannhelsetenesta

Samferdsel

  • Vestnes Venstre seier NEI til Møreaksen
  • Vi vil styrkje kollektivtilbodet i heile kommunen
  • Betre vedlikehald av kommunale vegar
  • Vi ønskjer å styrke budsjettet til trafikktryggingstiltak, mellom anna meir veglys, gang-/sykkelvegar og oppmerking av gangfelt
  • Venstre meiner at Eksportvegen bør bli prioritert høgare

Næring

  • Venstre vil støtte opp om bedriftene våre og gi dei føreseielege rammevilkår
  • Venstre heier på gründeren!
  • Vi vil satse meir på reiseliv
  • Vi vil styrke næringsfondet
  • Vi vil ha byggeklare næringstomter

Kultur

  • Venstre vil støtte opp om kulturtiltak som famnar om alle i kommunen vår
  • Venstre ønskjer aktiv bruk av frivilligsentralen
  • Venstre vil gi kulturskulen egna lokalar og vi ønskjer oss eit friidrettsanlegg i kommunen vår

Natur og miljø

  • Venstre vil ha meir fokus på fjerning av ulovleg avfall i kommunen
  • Vi støtter opp om oppryddingsaksjonar
  • Vi vil forvalte og verne om friluftslivområda våre på ein god måte
  • Venstre vil at vi skal nå målsettinga om REINT HAV

Busetnad

  • Venstre vil arbeide for å gjere Vestnes til den mest attraktive bu-kommunen i distriktet vårt, med byggeklare tomter i alle bygdelag
  • Vi vil leggje til rette for bu-lyst, for å få utflytta vestnesingar til å vende heim att
  • Vi ønskjer å utvikle Myraområdet til bustadfelt

Godt val! Stem Venstre!