Den verdiskapinga som næringslivet bidreg med, gir inntekter og bulyst til kommuna. Difor er eit blomstrande næringsliv viktig for oss alle. Då er det ekstra viktig at dei møter ei kommune som ser både utfordringar og moglegheiter på deira vegne og ivaretek tenestene til dei på best og mest mogleg effektiv måte.
- Vi vil arbeide for at bedriftene som tek kontakt med kommuna får ein fast kontaktperson, som kan svare på spørsmål og gi rettleiing om vegen vidare.
- Vi vil arbeide for at kommunal sakshamnsaming har gode prosessar og forpliktande tidsfristar.
- Vi vil arbeide for at det igjen vert oppretta eit lokalt næringsfond, for nyoppstarta og vekstbedrifter.
- Vi vil arbeide for å legge til rette for at det vert oppretta kontorareal, som nystarta bedrifter kan få leige i oppstartfase.
- Vi vil arbeide for at Hoppid vert meir synleg og brukarvennleg.