Vi er heldige som bur i Giske og at det er mange som velger å flytte hit.
Å ha ansvar for kvarandre, samtidig som vi skal ha friheit til å leve livet vårt som vi vil, har sjeldant motsetningar.
Å inkludere og ta vare på kvarandre er viktig i alle lokalsamfunn, både for dei som har levd her lenge og dei som kjem til utanfrå. Då treng vi gode møteplassar, både formelle og uformelle. Her er frivillegheita viktig, og samarbeidet dei har med kommuna.
Vi treng gode tenester, når du er der i livet at du treng dei og vi treng gode ansatte, som er godt kvalifiserte og har gode arbeidsvilkår. Vi veit at vi får utfordringar i framtida med å gi alle det dei treng og spesielt då dei eldre. Venstre vil prioritere dei som treng det mest.