Hege Anett Nygård Seljeset, 6.kandidat for Volda Venstre: FØRSTEGANGSVELJARANE MÅ BRUKE STEMMERETTEN!

Volda Venstre

Eg vil utfordre alle førstegangsveljarar om å bruke stemmeretten ved årets lokalval. Slik kan vi unge vise engasjement og ansvar for samfunnet vårt. Eg er sjølv førstegangsveljar, og dessutan ungdomskandidat for Volda Venstre. Eg er også nominert på Møre og Romsdal Venstre si liste til fylkestingsvalet.

Viktige saker for meg er:

god dyrevelferd både for husdyra på gardane og for kjæledyra i heimane

ein friare skulekvardag som kan sikre betre trivsel for fleire, og dermed auke sjansane for at fleire fullfører skulegangen og ikkje fell utanfor

rett fokus i rusomsorga. Om unge fell utanfor samfunnet, kan det oppstå sisuasjonar der ein tyr til rus. Vi må ikkje skremme, men derimot kunne tilby hjelp. Hjelpe, ikkje straffe!

trivselstiltak for unge. Vi må jobbe for gode tilbod for unge på fritida. Som medlem av Volda ungdomsråd har eg fått vere med på å planlegge og igangsette «bygging» av eit ungdomshus. Slik kan barn og unge ha ein sosial og hyggeleg stad å vere saman på utanom skulen.