- gjera Bømlo grøn og berekraftig, ved å bli best på grønt næringsliv og naturvern.
- styrka barnehagar og skular i arbeidet med eit trygt og godt psykososialt barnehage- og skulemiljø.
- styrk laget rundt eleven, ved å tilsetta fleire helsesjukepleiarar, skulepsykologar/psykiatriske sjukepleiarar, miljøterapeutar og rådgjevarar med formell kompetanse.
- sikra tilstrekkeleg læremiddel i skulen, både bøker og digitale hjelpemiddel.
- ha ein generasjonvenleg kommue og sikra ei verdig eldreomsorg, gjennom kompetanseutvikling og rekruttering.
- støtta opp om felles kontorlokaler til leige for gründerar, næringsliv og frivillige, for å oppfordre til deling av idéar, nettverk og kunnskap.
- gjera eigna offentlege lokaler tilgjengelege for lag og organisasjonar på ein enkel måte.
- sikra vidareføring og vidareutvikling av lavterskeltilbodet innan rusomsorg og psykisk helse.
- leggje til rette for at kollektivtrafikken kan løyse fleire kvardagsproblem gjennom bestillingstransport, til dømes aldersvenleg transport, henting og levering til fritidsaktivitetar og skuleskyss.
- etablere fleire ladestasjonar for elbil og fritidsbåtar. Det må vere krav om at det blir lagt til rette for nye utbyggingar.
- ha ein levande kommune gjennom både eit sterkt sentrum, men og attraktive bygder.
- jobba for eigne fredingsområde for hummar.