Valprogram, Øygarden Venstre, 2023-2027

Under ser du kortversjonen av programmet vårt. Her finner du hele programmet.

Borna er framtida vår!

Øygarden Venstre vil:

  • Sikre at alle born har trygge og gode oppvekstvilkår
  • Satse på lærarane og styrke deira arbeidskvardag og gje dei gode løns- og arbeidsvilkår.

Eit kunnskapsrikt, grønt og mangfaldig øysamfunn

Øygarden Venstre vil:

  • Gi barn og unge tilgang på aktivitets- og kulturtilbod i heile kommunen.
  • At Øygarden skal vere eit kunnskapsrikt, grønt og mangfaldig øysamfunn.
  • Ha ein kommune der alle kjenner seg inkludert og får høve til å utfalda seg.

Næringsliv

Øygarden Venstre vil:

  • Vurdere å dele opp anbud i mindre kontrakter slik at fleire lokale bedrifter kan delta i anbudskonkurranse.
  • Sjå til at kommunen spelar på lag med det lokale næringslivet – både det veletablerte og det nye.

Demokrati og desentralisering

Øygarden Venstre vil:

  • At det skal bli lettare for personar i alle livsfasar å delta i lokaldemokratiet.
  • Ha jamlege brukarundersøkingar av kommunale tenester.

Infrastruktur og kollektivsatsing

Øygarden Venstre vil:

  • Ha gul stripe, gang- og sykkelveg i hele kommunen.
  • Ha minibusser frå lokalsentrer som går kvar time til utkantane.

Klima og miljø

Øygarden Venstre vil:

  • Stille klima- og miljøkrav ved alle nye offentlege innkjøp og ved utbygging.
  • Viktige natur- og rekreasjonsområde og matjord i Øygarden i stor grad skal skjermast for utbygging.

Helse og omsorg

Øygarden Venstre vil:

  • Ha ei moderne og valfri eldreomsorg og ta i bruk teknologi som bidreg til betre og individuelt tilpassa tilbod.
  • At det blir bygd tilstrekkeleg sjukeheimsplassar for både korte og lengre opphald. Det er også viktig med tilstrekkeleg med avlastingstilbod.

Kultur og frivilligheit

Øygarden Venstre vil:

  • At kommunen gir støtte til kulturtilbod som fremjar inkludering og integrering.
  • Gjera fleire kommunale lokale tilgjengeleg for frivilligheita. Desse skal i størst mogleg grad vera vederlagsfritt å låna.