Den ordninære førehandsrøystinga til årets kommune- og fylkestingsval startar torsdag 10. august. I Volda kan du fram til og med 18. august førehandsrøyste på rådhuset. Deretter vert røystelokalet flytta til samfunnshuset. Bur du i Hornindal, kan du førehandsrøyste på kommunehuset «Smia» måndag 28. august. Hugs å ta med valkort eller anna gyldig legitimasjon.