Volda Venstre, saman med dei andre lokalpartia i Volda, sparka i gang valkampen sist laurdag med stand på Grodås i samband med kulturdagane i Hornindal. I brukbart sommarver og med mykje folk på stemneplassen stilte m.a. toppkandidatane Brynhild Lund Notøy og Benedikte Holmberg opp for å dele ut valbrosjyrer og lister. Ekstra triveleg at stortingsrepresentant Alfred Bjørlo saman med fylkestingskandidatane Lena Landsverk Sande og Annika Brandal dukka opp og vart med på standen. Neste stand vert arrangert i samband med Voldadagen laurdag 26. august.