Stryn Venstre sitt program 2023-2027.
Stryn Venstre vil skape eit levande og berekraftig lokalsamfunn, der alle innbyggjarane får tilgang til gode tenester og nyte godt av lokal utvikling. Samtidig er vi bevisste på dei utfordringane vi står overfor i samfunnet, der natur- og klimakrisa krev kraftige tiltak for å verne om naturen og redusere klimautsleppa.
Vi ønskjer å skape eit inkluderande samfunn der alle har fridom og sjølvstende til å leve livet slik ein ønskjer, uavhengig av alder, kjønn, livssyn, funksjonsnivå, seksualitet og bakgrunn. Stryn Venstre ønskjer å skape gode oppvekstvilkår med gode barnehagar og skular og eit rikt og allsidig fritidstilbod i heile kommuen.
Som eit utålmodig parti ønskjer vi å ta Stryn vidare. Vi trur på ein fremtidsretta politikk som satsar på kunnskap og kompetanse, som tar klima- og naturkrisa på alvor, og som støttar små og store jobbskaparar i alle deler av kommunen.
Her kan du lese meir:
Stryn Venstre si liste til kommunevalet 2023