Samferdsle, gode kommunikasjonstilbod og trygge vegar er grunnleggande for vekst i heile kommunen. Vi ønskjer å legge til rette for at alle som har høve til det kan nytte gange, sykkel og kollektivtrafikk til sine kvardags-
reiser, og kommunen må difor leggje til rette for dette.
Stryn Venstre vil:
- Jobbe for realisering av E 39 og Rv 15 Strynefjellet.
- Utbetre flaskehalsane på RV 60 mellom Vikane og Stryn.
- Jobbe for å trygge vegen til Oldedalen og Lodalen.
- Ha eigen kommuneplan for sti og løypenett, prioritere sykkel og gangstiar, og særleg legge til rette for mjuke trafikantar i sentrumsområda.
- Sørge for lett tilgjengelege og fleire ladestasjonar.
- Jobbe for eit betre kollektivtilbod i og rundt Stryn. Også mot andre fylke.
- At kommunen sine køyrety skal vere utsleppsfri der det er mogleg.