Som reiselivskommune har vi eit stort ansvar – både for at reiselivsbedriftene våre har gode vilkår, men og for at dei naturområda vi forvaltar og som er attraktive for besøkjande blir tekne best mogleg vare på.
Stryn Venstre vil:
- At cruisetrafikken må koordinerast og begrensast med tanke på tåleevnen for natur og lokalsamfunn. Vi ønskjer ikkje ei ekstra cruisekai.
- Stille krav om bruk av landstraum for alle ferger og cruiseskip der det er mogleg.
- På sikt ha same krav til cruisenæringa her som i verdsarvfjordane.
- At Stryn kommune innfører turistskatt.
- Tilrettelegge og bevare Nasjonalparkområdet og andre pressområde i kommunen.
- Aktivt støtte bonden som landskapspleiar og forvaltar av kulturlandskapet.
- At kommunen samarbeider med lokalsamfunna om god tilrettelegging og gode sanitærtilbod der turistane ferdast.