Vi ønskjer at Stryn skal vere ein entreprenørkommune som aktivt legg til rette for nyetablering og utvikling av eksisterande arbeidsplassar.
Stryn Venstre vil:
- At kommunen aktivt skapar arbeidsplassar i heile kommunen, og legg tilrette for eit grønare næringsliv og eit framtidsretta landbruk.
- Legge til rette for næringsareale i heile kommunen.
- Ikkje auke eigedomsskatten.
- Legge tilrette for eit allsidig landbruk der meir av verdiskapinga kjem bøndene tilbode.
- Gå gjennom korleis kommunen praktiserer innkjøpsreglementet, for å fremje innovative innkjøp, grøne innkjøp, gründervennlege anbodskontrakter, betre konkurranse og mindre detaljerte kravspesifikasjonar.
- Vurdere å dele opp anbod i mindre kontraktar for at lokalt næringsliv kan delta i anbodskonkurransane.
- Legge tilrette for attraktive bustadtomter i heile kommunen.
- At Huxe skal blir realisert snarast mogleg.
- At kommunen sørgjer for at fleire kjem seg inn i arbeidslivet, ta inn fleire lærlingar, tilby praksisplassar og arbeid for folk med redusert arbeidsevne.
- Støtte oppretting av kontorfellesskap, òg for deltidsutleige og nyoppstarta.
- Styrkje samarbeidet med arbeidslivet og utdanningssektoren for å redusere utanforskapen og kompetansegapet.
- Tilrettelegge for massedeponi av reine masser i kommunen. Næringsareal og tomter gjer at vi treng område der jord og gråmasser kan deponerast.
- At kommunen kan utgreie moglegheiter for næringsareale i fjellhall.