Å ta vare på naturen er viktig for Stryn Venstre. Som nasjonalpark- og
reiselivskommune er det viktig for Stryn å ha ein sterk miljøprofil.
Stryn Venstre vil:
- Sikre at Strynevassdraget framleis blir verna og ikkje utbygd.
- Begrense nedbygging av natur og etablere markagrense.
- At innbyggjarane har tilgang til “grøne lunger” og friluftsområde i nærleiken av der ein bur.
- Gjere naturmangfaldskartlegging i framkant av all arealplanlegging, for mellom anna å ta vare på biologisk mangfald.
- Ha strenge restriksjonar for motorisert ferdsel i utmark.
- Arbeide for tilrettelagde område for stisykling.
- Stille krav til estetikk for nye næringsbygg / fasadar / hyttebygg.
- Stille krav om streng klima- og miljøsertifisering av alle nye bygg.
- Jobbe for å redusere mengda miljøgifter og utslepp frå kommunal verksemd til luft, jord og vatn.
- At kommunen set krav til kjeldesortering, gjenbruk og resirkulering i bygg- og anleggsbransjen spesielt og i næringsverksemd generelt.
- Stille strenge klima- og miljøkrav i alle offentlege innkjøp og styrkekompetansen i kommunen om klimakrav i anbodsprosessar.
- Støtte opp under tiltak som gjer at elektronikk heller blir reparert enn kasta.
- Legge tilrette for meir produksjon og enklare distribusjon av lokalmat, cider, lokalt øl og andre nisjeprodukt.
- Fremje både allemannsretten og allemannsplikta.
- Verne om tilhøva for viltreinsstammen på Strynefjellet.
- Vurdere krav til hytter med tanke på sjølvforsyning av straum.