Kultur

Stryn Venstre vil ha eit breitt og inkluderande kultur- og fritidstilbod til alle
innbyggjarane i kommunen.

Stryn Venstre vil:

  • At desentralisert kulturskule skal halde fram og utvikle seg, for å gi eit breiast mogleg tilbod.
  • Auke kommunale tilskot til støtte for gode kulturaktivitetar i kommunen.
  • At tilskota til løypekøyring og alpinanlegg blir meir føreseielege og gjer det lettare for aktørane å planlegge 2-3 år framover.
  • At Stryn kulturhus vert utvikla for framleis å vere eit moderne kulturhus.
  • At kommunen framleis støtter ungdomstiltak og fleire møteplassar for ungdom.
  • Vidareutvikle e-sport tilbod for ungdom.
  • Arbeide for å styrke satsinga på Singerheimen, Gamle Innvik Ullvarefabrikk, Liatunet og skulemuseet på Faleide.
  • Løfte frivilleg sektor som ein viktig del av utviklinga av Stryn.
  • Styrke informasjon til lag og organisasjonar, m.a. rundt søknadsordningar.
  • Ha målretta ordningar som gjer det mogleg for alle å delta på fritidsaktivitetar, uavhengig av økonomisk situasjon og buavstand.