Vi vil skape attraktive lokalsamfunn i Stryn der folk trivst, flyttar til og vil bli verande.
Stryn Venstre vil:
- Etablere tilflyttarkontor i Stryn som kan vere ei støtte for alle som flyttar til Stryn.
- Framleis ha eit inkluderingsutval i Stryn.
- Styrke introduksjonsprogrammet og oppfølging av nye flyktningar, og samarbeide med lokalt næringsliv om å tilby norskopplæring til arbeidsinnvandrarar.
- At kommunen støttar og legg til rette for aktivitetar som til dømes “Flyktningguide”.
- Jobbe for at alle kan delta på fritidstilbod etter skulen i regi av både private og kommunale aktørar.
- Etablere ei ordning som gjer at alle kan kome inn i fritidsaktivitetar.
- Tilrettelegge fritidsaktivitetar for vaksne og barn med spesielle behov.
- Utvikle aktivitetsområde og offentlege rom som fremjer inkludering og skapar nye møteplassar.
- Leggje tilrette for samisk språk- og kulturutøving.