Folkehelsa er viktig. Vi ønskjer eit trygt og inkluderande miljø, der alle opplever tilhøyrsle i lokalsamfunnet. I framtida vil også Stryn ha stadig fleire eldre. Talet eldre mellom 80 og 100 år vil nesten doble seg på 20 år, og stadig fleire vil få demens.
Stryn Venstre vil:
- At folkehelsa står i fokus og legge tilrette for fysisk aktivitet i nærmiljøet.
- Styrke den faglege kompetansen i eldreomsorgen med tanke på at det blir stadig fleire sjuke eldre og demente.
- Jobbe for bygging av desentraliserte eldrebustadar, både i kommunal og privat regi, samt tilrettelagde bufellesskap i grendesentra og i nærområda til eldre.
- Prioritere førebyggjande arbeid og fokus på eit godt tilbod på helsestasjon og i barnevern.
- Ha auka fokus på psykisk helse, og fremje godt samarbeid mellom tenestene som jobbar med barn og ungdom.
- Sikre eit godt tilbod innan omsorgstenesten og fritidstilbod for menneske med nedsatt funksjonsevne.
- Styrke frisklivssentralen for å førebyggje livsstilssjukdomar og gi tilbod spesielt med tanke på barn og unge.
- Sikre god rusomsorg i kommunen.
- Halde fram med å løfte viktige område som ME, LEVE, Vaksne for barn, Mental Helse, Helt Med og veteransaka.