Kommuneval 2023 – viktige saker for Ulstein Venstre
Vi i Ulstein Venstre vil:
- Sørgje for forsvarleg økonomisk styring, med framleis fokus på nedbetaling av gjeld.
- Sørgje for effektiv og økonomisk forsvarleg drift av kommunal eigedom gjennom ein langsiktig vedlikehaldsplan.
- Ikkje auke eigedomsskatten og fjerne den når det er økonomisk forsvarleg.
- Jobbe for fleire statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar i Ulstein.
- Halde på dagens skulestruktur.
- Arbeide for byggestart av ny barnehage i Hasund krins i 2024.
- Styrke arbeidet med Ung Arena, ungdomsklubb og førebyggande tiltak retta mot barn og unge.
- At innbyggarane har tilgong på kunnskap, kompetanse og ulike tiltak som fremjar god folkehelse.
- At vi har gode tiltak til barn og unge som er i risiko for å utvikle psykososiale problem og til dei som har psykiske helseutfordringar.
- At du skal kunne bu heime så lenge du vil og kan, og at heimebuande eldre får eit godt dagtilbod.
- At vi har gode tilbod om avlastning for familiar med heimebuande pleietrengande.
- At alle skal vere trygge på at ein får god pleie og omsorg når ein treng det.
- At det er tilstrekkeleg med sjukeheimsplassar for dei mest pleietrengande.
- Arbeide for ny rundkøyring på Saunes og i Saunesmarka, med god tilkomst for mjuke trafikantar.
- Arbeide for universell tilkomst til Osnessanden.
- Arbeide for etablering av ei urnelund og ei namna minnelund.
- Opprette eit gravferdsfond for å utjamne kostnadane mellom ordinær gravferd (kistegrav) og kremasjon.
- Halde fram arbeidet med ei arbeidskyrkje i sentrum med realisering innan ein 10-års periode.
- Gjere Ulstein til ei berekraftig og grønare kommune ved å følgje opp Klimaplan og Tiltaksplan mot plast og marin forsøpling.
- Rydde opp gamal miljøforureining ved industriområda våre, med statleg finansiering.
- Bevare sentrumsnære friområde og grøne lunger.
- Utvikle og vedlikehalde sentrum/bygdenære turstiar, men vere restriktive på utbygging i fri natur.
- Jobbe for skilting av Nasjonal sykkelveg mellom Hareid og Fosnavåg.
- Styrkje biblioteket som ein open, inkluderande og tilgjengeleg kulturarena, læringsarena og møteplass for innbyggarar i alle aldersgrupper.
- Støtte opp under det frivillige arbeidet i lag og organisasjonar og prøve ut nye tiltak for frivillig deltaking.
- Prøve ut Kulturskule for vaksne.