Venstre og Holmaneset

Foto: Arve Solbakken, Firdaposten

Venstre sin førstekandidat, Svein Olav Senneset, har i dag uttalt seg til Firdaposten om Fortescue Future Industries (FFI) sine planar om ein fabrikk for produksjon av hydrogen og ammoniakk på Holmaneset.

Dette er ei svært viktig sak for kommunen og lokalsamfunnet. Ei industriutbygging av slikt omfang – den største i kommunen sidan utbygginga av smelteverket – vil ha positive konsekvensar i høve arbeidsplassar, lokalt næringsliv og folketalsutvikling, men også negative konsekvensar for natur og den tradisjonelle bruken av området. Det er derfor svært viktig at saka vert handsama grundig og etterretteleg, gjennom opne, demokratiske prosessar, og at diskusjon og meiningsutveksling går føre seg på eit sakleg nivå.

Den 27. april i år godkjende eit nær samstemt kommunestyre (22 av 23 representantar) oppstart av områderegulering av Holmaneset, og at planprogrammet til FFI vart lagt ut til offentleg høyring. Det var eit signal til Fortescue Future Industries om at kommunestyret er positive til planane deira. Men det betyr ikkje at kommunestyret har gjeve grønt lys for ei utbygging. Det kan først skje når planprosessen er gjennomført, og konsekvensar kartlagde.

Nokre har bestemt seg allereie. Det gjeld både privatpersonar, politikarar og politiske parti. Somme seier ja, andre seier nei. Det respekterer vi. Sjølv har vi gjeve uttrykk for at vi er positive, men avventande. Det inneber at vi meiner det er fornuftig å avvente resultatet av planprosessen, før vi tek endeleg stilling i saka. Det gjer vi først og framst fordi vi meiner der er mange forhold som må avklarast og finnast gode løysingar på, før vi kan dra ein sikker konklusjon, men også av respekt for innbyggjarar og tiltakshavar, som fortener at vi handsamar saka på ein skikkeleg måte.

Ein ting er likevel sikkert: Det blir ein spennande haust!

Lenkje til reportasje i Firdaposten: https://www.firdaposten.no/hydrogenfabrikk-saka-avventande-positiv/s/5-16-725081

Lenkje til informasjon om prosjektet (engelsk): https://fortescue.com/what-we-do/our-projects/holmaneset

Lenkje til litt fakta om hydrogen (Teknisk Ukeblad): https://www.tu.no/artikler/hydrogen-fra-a-til-a/527143