Venstre tar Vestland framover, og vi skal løyse natur og klimakrisa på lag med næringslivet
FNs berekraftsmål er førande for Vestland Venstre sin politikk. Samarbeid mellom næringsliv, kommune og lokalsamfunn er nødvendig for å finne løysingar som får ned dei lokale utsleppa. Den viktigaste rollen fylkeskommunen kan spele, er å legge til rette for grøn næringsutvikling og å ta i bruk det handlingsrommet fylkeskommunane har til å leie an i klimaarbeidet.
Venstre vil etablere fleire ladestasjonar, både ute i regionane, ved kollektivknutepunkt og ved store parkeringsplassar. Vi vil stille krav til nullutslepp i kollektivtrafikken og samarbeide med staten om å elektrifisere tungtransporten. Kollektivtransporten skal vere billeg og tilgjengeleg. Venstre vil prioritere rassikring, gul midtstripe, sikkerheitstiltak og auka vegstandard. Vi vil sikre statleg finansiering av viktige samferdselsprosjekt i Vestland, og deira prioritering opp mot Nasjonal Transportplan.
Vestland står på terskelen til ein ny grøn industrialder, der klimagassutsleppa må reduserast samstundes som det må skapast fleire grøne arbeidsplassar. Venstre sitt mål med næringspolitikken er å skape ein region i vekst, der folk ønskjer å busetje seg og skape gode liv. Då må fleire bedrifter lykkast i å vakse seg store. Det grøne skiftet vil trenge meir kraft i regionen, spesielt når fossilt brennstoff blir fasa ut av kraftkrevjande industri. Venstre vil vere ein sterk pådrivar for å sikre regionen tilgang på grøn kraft, for eksempel ved å oppgradere og effektivisere eksisterande kraftverk og linjenett Fylket er ein stor innkjøpar, og må være ein drivkraft for å skape ein heimemarknad for ny grøn teknologi. Venstre vil difor vekte miljøkrav enno sterkare i kommande anbodsprosessar.
Venstre skal stanse naturtapet
Arealendringar er den største trusselen mot naturen. Dermed ligger svært mange av verkemidla for å ta vare på meir natur hos kommunane gjennom arealpolitikken dei fører. Venstre vil ta vare på meir natur lokalt, og stramme inn arealpolitikken for å hindre ytterlegare nedbygging av verdifulle natur- og friluftsområde. Venstre ønsker å verne meir natur, og arbeide for oppretting av nye nasjonalparkar.
Les gjerne heile programmet til Vestland Venstre her: Program
Desse flotte folka stiller til val for Venstre i Vestland: Valliste