Lesarinnlegg av Frank Stenløs, Lena Landsverk Sande og Pål Farstad
Trass i at regjeringspartia i Hurdalsplattforma slo fast at høgare utdanning i Norge skal vere gratis, også for internasjonale studentar, fekk regjeringa med støtte frå SV gjennomslag for å innføre skulepengar frå utanlandske studentar i 2023-budsjettet.
Venstre kjempa mot denne innføringa og meiner at utanlandsstudentane bidreg med eit positivt mangfald og eit internasjonalt perspektiv i studiegruppene, og dei sikrar rekruttering til internasjonale studieprogram.
Norsk utdanning har vore basert på gratisprinsippet, noko som har gjort det mogleg å ta utdanning uavhengig av sosial bakgrunn og geografisk tilhøyrsle. Slik har det også vore for utanlandske studentar. Dette har gjort det mogleg for studentar for eksempel frå det globale sør å kome hit og ta utdanning. Mange studentar har også blitt igjen her i Møre og Romsdal, med dei positive konsekvensane det har for vårt internasjonale næringsliv.
Regjeringspartia sine tilhengarar argumenterer med at internasjonale studentar tek studieplassar frå norske studentar. Vi meiner derimot at vi har for få studentar ved studiestadane våre, og at dei internasjonale studentane bidreg til å oppretthalde fleire studieretningar.
I 2022 var det 34 utanlandsstudentar ved høgskulen i Molde, og 25 ved høgskulen i Volda. Ved komande skuleår er tala til samanlikning berre 9 og 6.
Tala som no ligg føre, syner kor dramatisk effekten faktisk vart. Endringa skjedde «over natta», men Venstre meiner dette er ei varsla katastrofe både for norske høgskular og universitet, for studentar frå fattige land og på sikt for heile det norske samfunnet.
Møre og Romsdal Venstre er bekymra for konsekvensane av innføring av skulepengar for utanlandsstudentar og meiner regjeringa snarast må kome på banen med stipendordningar og andre tiltak for å stoppe nedbygginga av norsk høgare utdanning vi no ser. Vi treng konkrete løysingar, men det ser ut som om regjeringa har eit svært avslappa forhold til det heile.