På lag med framtida
Sogndal Venstre jobbar for at Sogndal skal vera ein grøn, inkluderande
og nyskapande kommune, der tilbod og tenester blir utvikla saman
med innbyggjarane. Alle skal ha like moglegheiter til å skapa seg gode
liv, kunna bruka evnene sine, og vera trygge på å få hjelp når det
trengs. Det gjeld også for generasjonane etter oss. Venstre vil ha meir
lokaldemokrati, ikkje mindre. Difor vil me jobba vidare for å auka opp
att tal kommunestyrerepresentantar frå 31 til 37.
Sogndal Venstre vil
• prioritera naturen
• sikra gode vilkår for born og unge
• stimulera til grøn næringsutvikling og lokal verdiskaping
• satsa på førebyggjing og tilbod som sikrar sjølvstende og meistring
• vera ansvarlege og sikra velferd også for neste generasjon
Les heila programmet her: