Sykkylven

Politisk program
2023 – 2027

Sykkylven Venstre

Her finner du Sykkylven Venstres politiske program. Dette er valgprogrammet vårt og politikken vi i Kommune Venstre går til valg på og vil jobbe for i Sykkylven kommune i perioden 2023 – 2027.

Natur- og klimavenleg kommune

Kampen for å kutte klimagassutslepp er like viktig lokalt som nasjonalt. Tap av natur gjennom arealendringar er ein av dei største trugslane mot naturen og dermed livskvaliteten vår og friheita vår. Det er summen av små og store grøne handlingar og tiltak som vil gjere Noreg klimanøytralt.

For oss er det viktig at Sykkylven kommune bidreg i klimadugnaden der dei kan og at våre folkevalde går inn for at kommunen tar bærekraftige og grøne val der dei kan. Svært mange verkemiddel for å ta vare på meir natur ligg hos kommunen gjennom arealpolitikken dei fører. Sykkylven Venstre vil ta vare på meir natur lokalt, med mellom anna meir skånsame utbyggingar på Fjellsætra og styrka arealpolitikk som hindrer unødvendig nedbygging av naturareal og tap av biologisk mangfald. Dette betyr ikkje at Sykkylven Venstre vil stanse utviklinga av kommunen og næringslivet, men vi må sørgje for at utvikling og verdiskaping ikkje går ut over naturen.

Venstre vil:

  • sette naturvern høgt på agendaen og stille krav til ei miljøvenleg kommunedrift
  • stille krav om arealrekneskap ved nye prosjekt
  • sjå på bruken av Fjellsæterområdet og korleis vi best mogleg kan leggje til rette for utviking på same tid som vi vernar naturen.
  • jobbe vidare med planen om å få ført kloakk og avløpsvatn frå Fjellsætra ferdig rensa til sjø, slik at vi kan bevare Fjellsætra som den perla den er.
  • i samarbeid med nabokommunane og sjå på moglegheita til å få ei utgreiing om Sunnmørsalpane som delvis verna område og sjå på ei mogleg oppretting av nasjonalpark i Sunnmørsalpane i Sykkylven kommune
  • selje eller rive gamle kommunale bygg for å redusere unødvendige løpande kostnader.

Skule og oppvekst

Kompetanse hos leiinga, skule- og barnehagelærarar, gode inne- og utemiljø og ikkje minst nok av dei vaksne er helt avgjerande for barna. Kvaliteten i skulane og barnehagane er det som er viktig, ikkje kven som driv eller eig dei. Eit mangfald av både kommunale og private bidragsytarar meiner vi er viktig for å sikre eit godt tilbod.

Sykkylven Venstre satsar på eleven og læraren. Alle elevar har ulike føresetnader, interesser og behov. Vi meiner det er avgjerande at vi skaper ein skule som tek omsyn til at vi alle er ulike, men like verdifulle. Sykkylven Venstre sitt førebilete er ein grunnskule som ser alle elevar, og som evnar å tilby meistring og læringsglede for alle. Vi vil at alle elevar skal få ut sitt fulle læringspotensiale.

Levesetta til unge familiar er i endring og det er behov for SFO-ordningar og barnehagar i kommunen som kan tilby utvida opningstid og ferieopne dagar. Sykkylven Venstre vil styrke dette tilbodet då det vil ha stor ringverknad i høve til unge familiar si moglegheit til å kunne arbeide og busetje seg i kommunen.

Venstre vil: 

  • styrke laget rundt eleven, ved å syte for å tilsette fleire helsesjukepleiarar, skulepsykologar, miljøterapeutar og rådgivarar med formell kompetanse.
  • støtte forsøksordningar med nye valfag på ungdomsskulen, både teoretiske og praktiske.
  • halde på og utvide tilbodet med «uteskulen» og «Inn-på-tunet» løysingar på ungdomssteget.
  • at skulen skal gi elevane nye og oppdaterte lærebøker på barne- og ungdomssteget.
  • redusere skjermbruken på skulen.
  • sikre lovpålagd symjeopplæring og byggje ut tilbodet om symjeopplæring enda meir for alle. Difor vil vi jobbe for å komme i gang med byggjing av ein ny symjehall.
  • greie ut moglegheitene for etablering av folkehøgskule med vekt på skaparglede/gründer, møbelindustri og friluftsliv.

Levande lokalsamfunn

Bulyst

Fleire skal velje Sykkylven som si heimekommune. Vi vil sikre at Sykkylven skal vere ein attraktiv stad å bu og etablere seg i, men også ein stad å kunne leve eit godt liv til langt opp i alder ved å sikre gode tenester til ein kvar livsfase. Sykkylven Venstre vil ha eit levande lokalsamfunn som inkluderer alle og sørgjer for at dei blir sett og høyrt – uavhengig av alder, kjønn, livssyn, funksjonsnivå, seksualitet og bakgrunn.

Venstre vil:

  • arbeide for å etablere gågate eller bilfrie soner i sentrum for å leggje til rette til uformelle møteplassar, grøne lommer og lokal handel og marknader.
  • få ned og på sikt fjerne eigedomsskatt
  • leggje til rette for tilflyttarar gjennom å etablere attraktive tomter for husbygging.
  • ha sentrumsnære leiligheiter med universell utforming for eldre og personar med tilretteleggjingsbehov.
  • ha utvida opningstider på barnehagar og SFO som er tilpassa lokale arbeidsplassar.
  • lage og gjennomføre ein god og framtidsretta plan for det resterande arealet i sjøfronten slik at det kan bli brukt for å skape aktivitet. Vi ønskjer ein møteplass som samlar folk.
  • arbeide for å få fullført prosjektet med ein gang- og sykkelsti langs sjøen frå Småbåthamna til Haugneset.
  • jobbe for ei utgreiing av løysinger for å auke trafikksikkerheita ved Ullavikkrysset og Sykkylvsbrua.
  • sikre universell utforming av alle prosjekt og tenester.
  • samarbeide meir med lokalt næringsliv om å tilby norskopplæring til arbeidsinnvandrarar, og etablere møteplassar med resten av lokalsamfunnet.

Næringslivsvennleg kommune – gründeraktivitet og skaparglede

Vi skal vere ein ja-kommune med raud løpar-filosofi. Dei som vil starte eller utvide verksemd, dei skal vi heie på.

Framtida sitt næringsliv er grønt, nyskapande og kreativt. Vi treng ein kommune som yt god service og legg opp til gode, stabile og langsiktige rammevilkår for næringsverksemd. Venstre vil at næringspolitikken skal vere moderne og næringsnøytral, og legge til rette for eit seriøst og lønsamt næringsliv.

Venstre ønskjer at Sykkylven kommune skal stå fram som eit godt førebilete i vala sine og si daglege drift.

Det aller viktigaste for at det lokale næringslivet vårt skal fungere, er tilgang på kompetente arbeidstakarar. Difor meiner Sykkylven Venstre at god næringslivspolitikk er ikkje berre det å dekke dei grunnleggande behova til næringa, men også det å skape trivsel og bulyst for potensielle arbeidstakarar.

Venstre vil:

  • samarbeide tett med lokale aktørar som t.d. Sykkylven Næringsutvikling, Industrilaget og Handelsforeninga.
  • gjere Sykkylven til ein attraktiv kommune til å drive næringsverksemd i.
  • jobbe for eit meir levande sentrum, prøve å bidra til å få eit breiare utval av butikkar og tilbod gjennom ulike støtteordningar i samarbeid med kommunen.
  • leggje til rette for gründarar som vil skape nye og grøne arbeidsplassar.
  • ønskjer ikkje eigendomsskatt på næringseigendom.
  • leggje til rette for auka lokal produksjon og distribusjon av mat, mellom anna ved å støtte opp under tiltak som Reko-ringen og andre lokale matdistribusjonsordningar.

Lokaldemokratiet – Openheit, synlegheit og medverknad

Eit sterkt og levande lokaldemokrati er viktig for Sykkylven Venstre då det gir innbyggjarane moglegheit til å påverke kommunen si utvikling. Makt og påverknad skal kome nedanfrå. For at folk skal ta del, må dei politiske prosessane vere meir inkluderande, meir transparente og lettare tilgjengelege for folk flest. Beslutningar skal i størst mogleg grad vere prega av openheit og medverknad.

Venstre vil:

  • gjere det enklare å kunne ta del i lokaldemokratiet – alle skal oppleve å kunne meistre og å ta del i det politiske arbeidet til kommunen.
  • gjere sakspapir og dokument lettare tilgjengeleg slik at alle innbyggjarar enkelt kan følge med i saker dei er opptatte av.
  • gi alle som bur i kommunen ei tydeleg stemme, sjå dei ulike behova som finns i befolkningsgruppene og behandle dei likeverdig.
  • ha kveldsope Servicetorg.
  • lytte òg til dei unge – for dei er framtida.

Kultur, idrett og friviligheit – det som samlar oss

Det lokale kultur-, idretts- og frivilliglivet må sikrast gode vilkår og det må leggjast til rette for eit mangfald i tilbodet. Sykkylven Venstre vil arbeide for eit godt og variert tilbod, som er tilgjengeleg for alle. Vi meiner det viktigaste kultur- og idrettstilbodet kommunen kan gi til innbyggjarane er å aktivt støtte frivilligheita.

Frivillig arbeid er av stor verdi for både lokalsamfunnet og den enkelte. Alle bør få muligheita til å delta i frivillig arbeid. Difor er det viktig for oss at det skal vere enkelt å vere frivillig og at frivilligheita har ei sterk rolle i lokalsamfunnet. I frivilliheita ligg der eit stort potensiale til å fylle ut der kommunale tenester ikkje når fram, og vi meiner difor det er viktig for kommunen å ha eit tettare samarbeid med frivilligheita enn det som er i dag.

Venstre vil: 

  • gjere eigna offentlege lokaler lettare tilgjengelege for lag og foreningar når arrangementet er tilgjengeleg for offentlegheita.
  • sikre kontantkasse-ordninga for barn i familiar med lav inntekt.
  • sikre at utstyrssentralen byggjast ut og er meir tilgjengeleg enn i dag. Sentralen må ha tilstrekkeleg med utstyr og ha eit breidt utval i god kvalitet i alle storleikar, og som er tilpassa for ulike funksjonsvariasjonar.
  • arbeide for at SFO og fritidstilbod kan samarbeide og supplere kvarandre.
  • sikre kulturelle møteplassar for alle aldersgrupper.

Omsorg til alle som treng det

Eit trygt og nært helsetilbod av høg kvalitet er viktig for at alle skal ha fridom og høve til å delta i samfunnet. For at alle skal kunne leve eit godt og sjølvstendig liv lengre, må samfunnet førebyggje meir innanfor både psykisk og fysisk helse. Tidleg innsats og meir inkludering kan bidra til å forhindre utanforskap og setje fleire i stand til å delta i samfunnet på like premissar. Tilbodet til personar som slit med psykiske helseplagar og lidingar, er ikkje godt nok. Venstre vil jobbe for å sikre rask og god psykisk helsehjelp, utvide lågterskeltilbodet og styrkje ettervernet. Venstre vil føre ein helsepolitikk som sikrar alle tilgang til eit godt helsetilbod, uavhengig av språkferdigheiter, alder, inntektsnivå eller kva ressursar dei pårørande har.

Venstre vil:

  • bruke kommunepsykologane i det førebyggjande folkehelsearbeidet.
  • jobbe for at det finst eit godt helsetilbod også under ferieavvikling.
  • jobbe for at alle som får utført tenester heime, skal få mest mogleg faste personar å forhalde seg til.
  • ha eit mangfald av buformer – mellom anna omsorgsbustadar og bufellesskap slik at ein kan få ein bustad som er tilpassa etter kor godt ein klarer seg sjølv.
  • satse på heimerehabilitering slik at eldre raskast mogleg kan komme tilbake i vanleg form etter sjukdom og skade.
  • jobbe for å bevare og heller auke talet på plassar på Buas.
  • jobbe for å styrke heimetenestene enda meir.
  • samarbeide med alle gode krefter og andre politiske parti  og frivillige for å finne gode løysingar