Kommunevalprogram 2023-2027

Time Venstre

Her kan du lese Time Venstres program til kommunevalet. Dette er valprogrammet vårt og politikken me i Time Venstre går til val på og vil jobbe for i kommunen i perioden 2023 – 2027. Samen tek me Time framover.

Last ned programmet som PDF Lurer du på hva Venstre jobber for nasjonalt? Les Venstres nasjonale Stortingsvalgprogram 2021-2025 her.

Les også: Rogaland Venstres valprogram 2023-2027

 

Venstre tek Time framover

Time Venstre ønsker at Time skal vera ein grøn føregangskommune, der det er godt å veksa opp og godt å bu. Venstre vil ta avgjerder basert på kunnskap. Me satsar på skule og oppvekst, på gode velferdstilbod og aktiv fritid. Vår politikk byggjer på sosialliberale verdiar, som foreinar fridom for den enkelte med ansvar for fellesskapet og kvarandre. Venstre vil gje meir innverknad til kommunane, og me vil at fleire skal kunna delta i lokaldemokratiet.Me vil ta Time framover, og det betyr at me må ta kraftige grep for å redusera utslepp og ta vare på naturen. Å verna matjorda på Jæren og sikra biologisk mangfald er viktig både for kloden og for oss lokalt.

Godt valg!

Ta vare på naturen

Klimakampen er djupast sett ein fridomskamp. Det handlar om å gi barna høve til å leva eit godt og trygt liv no og i framtida. Vi må ta vare på naturen og alle goda kloden som økosystem tilbyr oss, slik som mat, reint vatn og rein luft. Venstre vil at det skal vera lett, både for lokalsamfunn og enkeltmenneske, å ta del i klimakampen og leva eit godt liv med eit lite miljøavtrykk. Time Venstre vil at Time skal verta ein klimamessig føregangskommune.

 

Klima, miljø og naturvern

Time må arbeida målretta med å redusera utslepp og verna om naturressursar. Ved innkjøp og nybygging skal ein alltid velja den mest klimavennlege løysinga og den best tilgjengelege teknologien.

Venstre vil:

  • Kutta kommunens utslepp i tråd med nasjonale mål
  • Betre vasskvaliteten i Frøylandsvatnet, slik vatnet kan brukast til bading, fisking og friluft
  • Støtta opp om lokale initiativ som set klima, miljø og naturvern på dagsorden
  • Arbeida for at både kommunale og private bygg skal ha tilgang til grøn energi, gjennom solenergi, jordvarme og andre ENØK tiltak
  • Setja ambisiøse mål ved nybygging der det skal verte brukt miljøvenlege og lokale materiale
  • Gje reduksjon i gebyr for å handsama byggesaker for lågenergi- og passivhus
  • Legge til rette for økonomiske støtteordningar for innbyggjarar som gjennomfører energieffektivisering eller omlegging til grøn energi, og støtta initiativ for produksjon av miljøvennleg energi
  • Modernisere vass- og avløpsanlegg for å hindre forureining

 

Jordvern, arealpolitikk og biologisk mangfald

Nedbygging av matjord kan ikkje gjerast om. Etterkomarane våre må kunna produsera mat på eiga jord. Time Venstre vil verna dyrka og dyrkbar jord.

Venstre vil:

  • At utbygging på Bryne må skje gjennom fortetting, samstundes som ein tek vare på friareal
  • Vera positiv til utvikling av nærings- og bustadtomter i krinsane så lenge det ikkje kjem i konflikt med jordvern og friområde
  • Forplikte seg til å følgje dei nasjonale jordvernmåla
  • Betra vasskvaliteten i elvar og vatn
  • Verna om alle naturtypar og biologisk mangfald
  • Arbeida for å verna raudlista artar og fjerna svartlista artar
  • Ta vare på bier og humler, mellom anna ved å planta blomar for pollinerande insekt og forby sprøyting med gift
  • Vera kritisk til alle planar som gir risiko for tap av artsmangfald
  • Ikkje tillata nedbygging av myr
  • Innføra tiltak for å redda vipa, som belønningsordning for å merka vipereir

 

Byutvikling i Bryne

For handel og trivsel er det viktig med ei gjennomtenkt og god utvikling av Bryne sentrum. Me vil utvikla ein moderne by, samtidig som me tek vare på historia vår og vernar kulturminne. Kulturminna er ikkje-fornybare ressursar som bidreg til identitet, særpreg og historieforståing.

Venstre vil:

  • Vidareutvikla eit grønt og levande bysentrum med handel, kultur og næringsliv.
  • Gjera Storgata til gågate
  • At Bryne Torg skal vera gratis å nytta til kulturformål og handel
  • Verna om dei grøne lungene i Bryne
  • Leggja til rette for eit grønt og bilfritt sentrum
  • Gjera det enkelt å reisa kollektivt til Bryne

 

Samferdsel

For å gjera det mogleg å ta grøne val i kvardagen, må det finnast reelle alternativ til bilen. Time Venstre vil støtta alle tiltak som fører til auka bruk av kollektivtrafikk, og at ein vel sykkelen framfor privatbilen.

Venstre vil:

  • At kommunens bilpark skal vera fossilfri
  • Leggja til rette for ladestasjonar for elsyklar ved Bryne stasjon
  • Ha langt fleire bysykler, samt sørge for at det er tilstrekkeleg antall bysykler tilgjengeleg i heile kommunen.
  • At kommunen også skal ta i bruk elsyklar som alternativ til tenestebilar
  • Sikra samanhengande gang- og sykkelvegar
  • Ha trygge skulevegar for alle
  • Opprette matebuss til Øksnevadporten frå Kvernaland
  • Arbeida for fleire bussavgangar til Kvernaland, Lye, Hognestad og Undheim
  • Ta initiativ til prøveordningar med elektriske, sjølvgåande matebussar
  • Innføre «HentMeg»-ordning i Time
  • Arbeida for at elevar i grunnskulen skal kunna nytta kollektivtilbod gratis i skuletida
  • Leggja til rette for lokalsamfunn med nærhet til skule, barnehage og anna infrastruktur, for å senke behovet for personbil i kvardagen

Sirkulær økonomi og gjenbruk

Ein stor del av klimagassutslepet i verda kjem frå produksjon og frakt av ulike varer. Venstre er tilhengjar av gjenbruk, ombruk og sirkulær økonomi. Derfor vil Venstre lokalt jobba for å etablera gjenbruksstasjonar og bruktbutikkar og for å ta i bruk andre verkemiddel som reduserer forbruket.

Venstre vil:

  • Samarbeide med lokalt næringsliv om å utvikle nye løysingar for bruk av overskotsenergi og biprodukt til nye næringar.
  • Lage ein gjenbruksstrategi i kommunane som legg til rette for at kommunar kan velje brukt framfor nytt i alle anskaffingar der det er mogleg.
  • Leggje til rette for meir gjenbruk av materiale og varer i anskaffingar og byggjeprosjekt.

Skule og opplæring

Utdanning er nøkkelen til ei betre framtid. Derfor er utdanning alltid ein prioritet for Venstre. Det er gjennom utdanning at me jamnar ut sosiale forskjellar og gjev alle like moglegheiter i livet. Venstre sitt mål er å skapa ein skule som ser alle elevar, og som evnar å tilby meistring og læringsglede for alle. Venstre vil at alle elevar skal få nytta det fulle læringspotensialet sitt.

Barnehage

Ingen familiar er like, og barn har ulike behov. Kompetanse hos leiinga, lærarane og dei tilsette, gode inne- og utemiljø og nok vaksne er heilt avgjerande for barna. Kvaliteten på barnehagane er det som er viktig, ikkje kven som driv eller eig dei.

Venstre vil:

  • Ha løpande barnehageopptak for å sikre at alle får høve til å byrje i barnehagen etter avslutta foreldrepermisjon
  • ha fokus på god kvalitet i barnehagane og tidleg innsats
  • Sikre tilstrekkeleg bemanning for alle barnehagar
  • Jobbe for å auke andelen mannlege barnehagelærarar
  • Opne for at enkelte barnehagar kan ha utvida opningstid dersom mange foreldre ikkje berre jobbar på dagtid. Det skal vere ei øvre grense for kor lenge barnet kan opphalde seg i barnehagen
  • Støtta vidare kvalifisering og etterutdanning for tilsette i barnehagane
  • At barnehagane tek i mot praksis-studenter
  • Styrkje alderstilpassa opplæring for barn om kropp, seksualitet, identitet og kjensler frå og med barnehagealder
  • Kople PPT på tidleg der det er behov for det

 

Skule

Å få ein god start på skulegangen er avgjerande for å lykkast seinare i utdanningsløpet. Tidleg innsats for å ivareta og sikra god opplæring er grunnleggjande. Det er likevel stor forskjell på kva behov elevane har. Venstre ønskjer fleire og tydelege verkemiddel for å gi tilpassa opplæring gjennom kompetente lærarar og auka metodefridom.

Venstre vil:

  • Styrkje laget rundt eleven ved å tilsetje fleire helsesjukepleiarar, skulepsykologar, miljøterapeutar og rådgivarar med formell kompetanse
  • Sørgje for auka fleksibilitet i vurderingssituasjonar, slik at alle får vist læringsutbytte på ein mest mogleg formålstenleg måte
  • Gjere læraryrket meir attraktivt gjennom å sikre fleire karrieremoglegheiter, gode lønnsvilkår og mindre byråkrati og papirarbeid
  • Prioritera tidleg innsats
  • Oppmuntra til meir leikbasert og variert læring for 5-6-åringar
  • Støtte forsøksordningar med nye valfag på ungdomsskulen, både teoretiske og praktiske
  • Arbeida målretta for å styrka lesekompetanse, evne til kritisk refleksjon og kjeldekritikk hos elevane
  • Ha nulltoleranse for mobbing i skulen
  • At alle skulane skal ha gode uteområde som legg opp til aktivitet både i friminutta og etter skuletid
  • At alle elevar får gode læremiddel på nynorsk, også digitale
  • Sikra god kvalitet i innhaldet i SFO
  • Gje god alderstilpassa seksualitetsundervisning gjennom heile skuleløpet gjennom samarbeid med helsetenestene
  • Tilretteleggja betre for at lærarar kan undervise i same fag på fleire skular, som t.d framandspråk og musikk

    Les også: Lærerne fortjener et lønnsløft

    Helse og omsorg i lokalsamfunnet

    Eit trygt og nært helsetilbod av høg kvalitet er viktig for at alle skal ha fridom og høve til å delta i samfunnet. Samtidig meiner Venstre at kvar enkelt i større grad bør kunna bestemma kven ein får tenestene frå. Diverre er det ikkje alle som har ressursane eller kunnskapen til å ta val på eigne premissar. Venstre vil gi alle høve til å ta meir styring over eige liv.

    Folkehelse og inkludering

    Time skal vera ein kommune der alle kan delta, uavhengig av funksjonsvariasjonar.

    Venstre vil:

    • Auka talet på varig tilrettelagte arbeidsplassar
    • Satsa på førebygging ved bruk av helsesjukepleiarar, mellom anna med heimebesøk og god rettleiing for foreldre
    • Støtta opp under lag og organisasjonar som gjer ein innsats innafor alle delar av helse- og omsorgssektoren
    • Samarbeida med lokalt næringsliv og frivillige organisasjonar for å leggja til rette for alternative praksisplassar og arbeidstrening for ungdom
    • At kommunen skal vera open for å rekruttera unge med «hol i CV-en», og gje dei som står utafor arbeidslivet moglegheit til praksis og kvalifisering
    • Vidareutvikla og marknadsføra turløyper i nærområda

     

    Helsetenester og omsorg

    Innbyggjarane i Time kommune skal få nødvendige helse- og omsorgstenester når dei treng det. Venstre vil føra ein helsepolitikk som sikrar alle tilgang til eit godt helsetilbod, uavhengig av språkferdigheiter, alder, inntektsnivå eller kva ressursar dei pårørande har. For å gi pasientane eit betre tilbod og fastlegane ein betre kvardag må staten auke basistilskotet. Time Venstre vil utvikla ei framtidsretta teneste med eit berekraftig kostnadsnivå for å møta eldrebølgja, og auka bevisstheita om korleis ein kan nytta ressursane best mogleg.

    Venstre vil:

    • Auka digitalisering av arbeidsprosessar og bruk av velferdsteknologi
    • Yta nok hjelp til familiar med heimebuande barn/ungdom med store hjelpebehov
    • Ha gode avlastningsordningar og tilby korttidsopphald i institusjon
    • Tilby sjukepleiarar, jordmødrer og andre helsearbeidarar ein arbeidskvardag der det er mogleg å stå i heiltidsstilling, mellom anna gjennom å sjå på alternative turnusordningar, auka bemanning og avlasting for arbeidsoppgåver som kan løysast av andre yrkesgrupper
    • Etablera fleire omsorgsbustader

     

    Bustadsosiale tiltak

    Det å ha ein trygg stad å bu er viktig for å kunna fungera i samfunnet. Time Venstre ønsker at alle skal ha høve til å bu i eigen bustad og at dei som treng det skal få hjelp til å koma inn på bustadmarknaden enten ved kjøp eller leige av bustad gjennom kommunen.

    Venstre vil:

    • At ein har ein aktiv eigedomspolitikk på kommunale bustadar, dette inkluderer både bygging, kjøp og sal av eigedomar
    • At ein legg inn krav til kommunal forkjøpsrett til leilegheiter i nye utbyggingsprosjekt
    • At ein støttar opp initiativ med privateigde omsorgsbustadar med kommunal bemanning
    • Byggja fleire sjølveigarbustadar og leggja til rette for sjølvbyggartomter for førstegongsetablerarar
    • Gje leigetakarar moglegheit til å overta kommunal bustad ved å la leige fungera som nedbetaling
    • At kommunen har gode rammer for startlån, slik at dei som har problem med å få vanleg banklån, kan få lån til eigen bustad

     

    Psykiatri og rusomsorg

    Menneske i alle lag kan rammast av psykisk sjukdom og rusproblem, og det er viktig å driva førebyggjande arbeid. Når tiltak må setjast inn, vil Time Venstre ha tilbod tilpassa den enkelte sine behov.

    Venstre vil:

    • Styrkje behandlingskapasiteten for rusavhengige, slik at dei er sikra omgåande helsehjelp, eit butilbod og nødvendig behandling for dei som ønskjer det, utan ventetid
    • Satse på førebyggjande tiltak retta mot unge, deriblant samarbeid mellom helsetenester og skulane med informasjon om rusmiddelbruk
    • Vidareføra det positive arbeidet til Natteravnane
    • At skulehelsetenesta bidreg med å spreia kunnskap om psykisk helse gjennom nærvær i skulane og har fokus på tidleg innsats til ungdom som slit psykisk
    • At kommunen skal kunna gi raskt tilbod om psykiatrisk hjelp, spesielt til ungdom
    • Arbeida for god oppfølging av ruspasientar og yta bistand som butilbod, buoppfølging, yrkesrettleiing og praksisplassar

    Betre barselomsorg

    Det er kommunen som har ansvaret for å følgje opp familien og den nyfødde når dei kjem heim frå sjukehuset. Venstre vil ha eit løft i det kommunale barseltilbodet. Noreg er rekna som eit av dei tryggaste landa i verda å føda barn i. Samtidig er fødsels- og barselomsorga under press over heile landet, og altfor mange kvinner får ikkje den omsorga dei treng og har krav på. Venstre vil styrkja fødsels- og barselomsorga i Time kommune. Time må samarbeida tettare med spesialisthelsetenesta for å tilby ei meir heilskapleg fødsels- og barselomsorg.

    Venstre vil:

    • Øke fokus på mors psykiske helse som en del av oppfølgingsprogrammet til barnet
    • At alle helsestasjonar skal tilby kompetent ammehjelp og fysioterapi etter fødsel
    • Auke bemanninga på helsestasjonane, utvide opningstidene og sørgje for at tilbod om heimebesøk etter fødsel blir gitt automatisk, i tråd med nasjonale retningslinjer
    • Auke utdanningsnivået for sjukepleiarar og jordmødrer og etablere styrkingsmidlar etter modell av satsinga på psykisk helse og rus

    Ein friare alderdom

    Kvar enkelt av oss har ulike ønske om og forventingar til korleis alderdommen vår skal vera. Venstre vil møta alle eldre med eit tilbod som gir valfridom og tek i bruk teknologi slik at alle får høve til å leva eit så fritt, sjølvstendig og innhaldsrikt liv som mogleg. Vi vil leggja til rette for at eldre menneske kan få eit omsorgstilbod som er tilpassa behova og interessene deira, dekt av det offentlege.

    Venstre vil:

    • Ta i bruk velferdsteknologi, innovasjon og nye løysingar for å leggje til rette for at fleire kan bu heime lenger og meistre sin eigen kvardag, samtidig som ein tek omsyn til eldre utan digital kompetanse
    • Satse på heimerehabilitering slik at eldre raskast mogleg kan komme tilbake i vanleg form etter sjukdom og skade
    • Leggje til rette for at sjukeheimar og omsorgsbustader har eit tilpassa tilbod som reflekterer interessene og ønska til den enkelte
    • Følgja opp dei mange som vert ramma av demens gjennom fleire dagaktivitetsplassar, tilpassa butilbod og auka kunnskap og kompetanse

    Næringsliv: Eit kreativt og verdiskapande Time

    Framtidas næringsliv er grønt, nyskapande og kreativt. Då treng vi kommunar som yter god service og legg opp til gode, stabile og langsiktige rammevilkår for næringsverksemd. Næringspolitikken skal vera moderne, føreseieleg og næringsnøytral og samstundes leggja til rette for eit seriøst og lønnsamt næringsliv.

     

    Nyskapande næringsliv

    Venstre vil:

    • Arbeida for at små verksemder skal kunna etablera seg på fleire stader i heile kommunen
    • Leggja til rette for godt samarbeid mellom skular, kommune og næringsliv
    • Tilby etablerarstipend for dei som skapar nye arbeidsplassar
    • Redusera og forenkla sakshandsaminga, slik at gründarar skal få gjennomført sine idéar utan å mista for mykje tid i byråkrati
    • Støtta nettverk for kvinneleg gründarar
    • Gå gjennom korleis kommunen praktiserer innkjøpsreglementet, for å fremje innovative innkjøp, grøne innkjøp, gründervennlege anbodskontraktar og lokale leverandørar
    • Vurdere å dele opp anbod i mindre kontraktar for at lokalt næringsliv kan delta i anbodskonkurransane.

     

    Eit attraktivt uteliv

    Utelivet er ein viktig del av mange lokalmiljø. For å skapa gode møteplassar i utelivet treng vi fleksibilitet og fleire alternativ for innbyggjarane. Serveringsnæringa skal tilby noko for alle, samtidig som vi skal sørgje for at bedriftene blir drivne på ein trygg og forsvarleg måte.

    Venstre vil:

    • Sikre seriøse aktørar langsiktige, stabile og gode rammevilkår og slå hardare ned på useriøse utelivsaktørar, mellom anna gjennom systematiske kontrollar
    • At skjenkeløyve skal vera lett å få, men også lett å mista
    • Utvide skjenkjetidene og opne for meir differensierte og lokalt vedtekne opningstider som er baserte på kulturell profil, avstand frå bustadområde o.a.

     

    Grønt landbruk

    I Time er me stolte av å vera ein matkommune, og det skal me halda fram med å vera. Venstre vil satsa på eit moderne landbruk som er leiande innan klima, miljø, natur-forvaltning og dyrevelferd.

    Venstre vil:

    • Sikra rammevilkår og bærekraft for landbruket
    • Vera opne for at tome låvar skal kunne nyttast til næringsformål
    • Leggja til rette for produktutvikling og løfta fram lokal mat
    • Ha fokus på kortreist mat, og at kommunen prioriterer lokalt produsert mat i kommunale innkjøp
    • Arbeida for gode klimaløysingar og grønt skifte i landbruket i samarbeid med forskingsmiljø
    • Fremja bruk av ny teknologi og nye løysingar

    Eit levande lokalsamfunn

    Gode lokalmiljø har òg eit mangfald av aktivitetar, slik at alle finn noko dei kan trivast med. Venstre meiner at vi får eit meir mangfaldig tilbod for innbyggjarane dersom kulturen, idretten og alt anna frivillig arbeid får fridom til å utfalda seg. Kommunen speler samtidig ei viktig rolle i å leggja til rette for både organiserte og eigenorganiserte aktivitetar.

    Kultur og idrett

    Det lokale kulturlivet og idretten må sikrast gode vilkår, og det bør leggjast til rette for eit mangfald i tilbodet. Alle generasjonar bør ha tilgang til eit godt og variert kultur- og fritidstilbod, og det er viktig at det er tilgjengeleg for alle. Kulturskulen speler ei sentral rolle i det lokale kulturlivet og bør vera prisa og lokalisert på ein slik måte at han er tilgjengeleg for alle. Venstre vil bidra til å letta forholda for breiddeidretten og sørgja for eit variert tilbod.

    <h4class=»wp-block-heading»>Venstre vil:
    • Innføra fritidskort som sikrar alle unge tilgang til fritidsaktivitetar innan idrett og kultur
    • Satsa på breddeidrett
    • Kultur skal ha like vilkår som idrett ved tilskudd for bygg osv.
    • Støtta tilrettelegging av samlingsstader for uorganisert idrett
    • Halda fram inkluderingsarbeid i idretten, slik at alle barn kan delta på minst ein organisert aktivitet
    • Oppfordre til salg og bytte av brukte sportsutstyr/diverse ved turneringer/idrettsarrangement i kommunen
    • Holde haller åpne i ferier og helger for organisert og uorganisert idrett
    • Sikrar alle unge tilgang til fritidsaktivitetar innan idrett og kultur
    • Arbeida for kortare ventelister, utvida aldersgrenser og lågare eigenandel i kulturskulen
    • Kombinera småstillingar i kulturskulen med undervisning i grunnskulen
    • Støtta opp om viktige festivalar i kommunen, som Jærnåtta, og arbeida for å utvikla nye
    • Arbeida for fremja Jæren som ein attraktiv lokalitet for filmproduksjon
    • Utvide bruksområdet til biblioteka til å omfatte sosiale møteplassar, kreative verkstader og utstyrsbankar for kultur og idrett

     

    Friluftsliv

    Friluftsliv har i lange tider vore ein viktig del av det norske levesettet. Å sansa naturen vi har i nærmiljøet er viktig for både kropp og sjel. Det er rekreasjon, trening og kanskje den beste førebygginga av god helse.

    Venstre vil:

    • Arbeida for badeanlegg i Frøylandsvatnet, gjerne i samarbeid med Klepp
    • Ta vare på meir natur og sikre tilgang til lokale turområde, utfartsområde og turvegar.
    • Støtte Frilager for å sikre at alle kan ha tilgang til utstyr og få oppleve turglede
    • Fylgja opp samarbeid med Jæren Friluftsråd, Brynes Vel, Jæren Skoglag og andre aktuelle aktørar, lag og organisasjonar som legg til rette for tilgang til naturopplevingar
    • Avgrensa motorisert ferdsel i utmark

     

    Frivillighet

    Frivillig arbeid er av stor verdi for både lokalsamfunnet og den enkelte. Alle bør få høve til å delta i frivillig arbeid. Derfor er det viktig for Venstre at det skal vera lett å vera frivillig, og at frivillig arbeid har ei sterk rolle i lokalsamfunnet.

    Venstre vil:

    • Auke kompetansen om frivilligheit i kommunane og utvikle lokale frivilligplanar i samarbeid med dei frivillige laga og foreiningane
    • Etablere ein frivilligkoordinator i Time kommune som skal ha ansvar for å hjelpe og representere frivilligheita inn mot kommunen, og som skal bidra til at innbyggjarane får god oversikt over dei frivillige organisasjonane
    • Minske byråkratiet opp mot frivilligheita i samband med søknader om midlar og enkle byggjesøknader
    • Sikre at frivilligsentralen har økonomi til å leggje til rette for meir frivillig arbeid

    Les også: Ny ordning med tilskudd til energisparing for frivillighetens bygg i Rogaland

    Sosialt ansvar og fattigdom

    I ei tid med stadig fleire menneske på flukt frå krig og fattigdom er det alltid trong for ei hjelpande hand til dei mest utsette. Vi må på sjenerøst vis ta vår del av dette ansvaret.

    Venstre vil:

    • Framleis ta imot flyktningar, og arbeida med å integrera desse
    • Få fleire med innvandrarbakgrunn i arbeid, mellom anna gjennom mentorordning, språkopplæring og aktiv rekruttering
    • Jobbe for rask busetjing av flyktningar
    • Sikre reell tilgang på grunnleggjande helsetenester til papirlause og personar utan fast opphald i Noreg
    • Gje asylsøkjarar rett til vidaregåande opplæring
    • Ha spesielt fokus på barn i låginntektsfamiliar, ved å følgja opp at barnefattigdom forblir eit prioritert område i økonomiplanen

     

    Framover

    Demokrati og openheit

    Time Venstre ønsker eit opent og engasjerande demokrati der alle stemmer blir høyrde. Time kommune skal vera prega av openheit rundt alle prosessar og vedtak.

    Venstre vil:

    • Senka stemmerettsalderen til 16 år
    • Innføra «open mikrofon» før alle kommunestyremøta
    • At kommunale planar og skjema skal vera enkle å finna og enkle å forstå
    • Unngå unødvendig byråkrati og sikre kort og effektiv sakshandsamingstid
    • At utarbeiding av planar skal vere opne prosessar med høg grad av innbyggarinvolvering. Lag, organisasjonar og innbyggjarar skal inviterast til innspelsmøter

     

    Sunn økonomi

    Time Venstre vil føra ein ansvarleg og langsiktig økonomisk politikk.

    Venstre vil:

    • Ta ansvar for at kommunen har ein sunn økonomi og er rusta for utfordringar som kjem
    • Unngå eigedomsskatt
    • Arbeida for at ein vel grøne, lokale og rettferdige alternativ i innkjøp av varer og tenester i kommunen
    • Ha ein gjennomgang av alle kommunale investeringar for å sikra etisk og miljøvennleg plassering i fond

     

    Samarbeid på Jæren og med verda

    For Time Venstre er det viktigaste å sikra gode tilbod og løysingar for innbyggjarane i framtida, og me er positive til å sikra dette i lag med nabokommunane våre. Me ønsker å vidareutvikla samarbeid på tvers av kommunegrensene for å sikra gode kompetansemiljø og tilbod.

    Venstre vil:

    • Arbeida for at Time og Klepp slår seg saman til ein kommune
    • Gjennoppretta samarbeidet og utveksling med vennskapskommunane. Samt prøve å etablera og utvida samarbeid med fleire land