Osterøy-historier, grøne bakkar og kommuneplanen

Mjeldalen i Haus, Osterøy kommune, Kjersti I. Vevatne

Kva er det som gjer at når du kryssar ein steingard på turen din, så stoppar du litt opp og ser på han? Kvifor let du augene følge linjene i det nyslåtte graset som buktar seg på bøane i desse dagar?

(på trykk i avisa Bygdanytt, juli 2023)

Osterøy kommune har starta arbeidet med ny arealplan, og skal i gang med både kulturmiljøplan og naturmangfaldsplan. I skrivande stund held regjeringa pressekonferanse om alt det som haustens nye kommunestyre må innfri på når det gjeld klimatilpassing og bruk av areal. Det er alvor. Med dette som bakteppe får me tru at Osterøy sin kommuneplanprosess kjem inn i eit meir ope spor – for det er ingen tvil om at drøftingar knytt til bruk av areal og dei enorme utfordringane me møter, krev ein brei diskusjon.

Mange tenkjer at kommuneplanen handlar om å legge ut nye næringsareal og bustadfelt slik at kommunen kan tiltrekka seg innbyggarar og næringsliv, og dermed skapa vekst og meir inntekt til kommunen. Eg er einig i at dette er ein sentral del av kommuneplanarbeidet. Men det handlar minst like mykje om å sikra verdiar i omgjevnaden vår, fordi dei betyr noko for oss som menneske, og fordi det er viktig for vår eksistens. Ansvaret for landskapsverdiar, matjord, natur og kulturminne må enda opp med ein faktisk politisk vilje til å gjennomføra vern, og ikkje berre vera fraser i eit partiprogram.

Sjølv om kommuneplanen er under arbeid, og kulturmiljøplanen er i startgropa, verkar ikkje fleirtalet av politikarar å vere redde for å gje dispensasjonar i område der interessemotsettingane er store, og utan at all kunnskap verkar å ha komme godt nok fram. Dispensasjon for brakkerigg i Mjeldalen nyleg er eit døme på dette – og handlar strengt tatt lite om sjølve riggen, men meir om kva dette arealet skal vera i framtida. Kulturmiljøplanen skal vera grunnlag for verdifulle område (omsynssoner) i den nye kommuneplanen. Dette er aktuelt svært mange plasser på Osterøy, og er høgaktuelt for Mjeldalen, som er noko av det vakraste og mest grøderike jordbrukslandskapet Osterøy har å by på. Her er det framleis mogleg å sjå dei gamle tunstrukturane, dei eldre veglinjene og husmannsplassane. Samanhengen ned til ei tronande kyrkje ved strandstaden nede ved fjorden er tydeleg. Dette er område som Venstre meiner skal vera avsatt til landbruk i kommuneplanen, kombinert med ei omsynssone for kulturlandskap, der gardsdrift har prioritet over andre føremål.

Omsynssoner betyr ikkje stillstand og hermetisering, men legg føringar for det som kan komma etterpå. Det kan og vera grunnlag for krav om istandsetting i område som i dag er øydelagde. Restaurering av natur bør vurderast også på Osterøy. Ein temaplan for natur kan peika på særlege område der dette er aktuelt, t.d næringsområde som ikkje skal vidareførast i ny kommuneplan og deponiområde eller tippar der naturmangfaldet har blitt skadelidande.

Kulturmiljø og jordbrukslandskap gir store opplevingar både for oss som bur her og dei som besøker oss. Matjorda er ein heilt grunnleggande ressurs som våre barn og barnebarn treng. Eit kulturminne langs vegen din opnar opp for ei tidsreise der og då, og knytter deg saman med folk du aldri har møtt, men som gjekk i dei same bakkane som du gjer. Dette er viktig for oss som menneske. Derfor er det viktig i Osterøy kommune sin arealplan.

 

Kjersti I. Vevatne

Osterøy Venstre