Tidlegrøystinga er i gang

Volda Venstre

Fram til 9. august kan du no tidlegrøyste til kommune- og fylkestingsvalet. Dette er eit tilbod til dei som ikkje har høve til å stemme verken i løpet av den ordinære førehandsrøystinga eller på sjølve valdagen. Innbyggarane i Volda kommune kan tidlegrøyste ved sørviskontoret på rådhuset. Hugs å ta med legitimasjon med bilete saman med valkort – om du har motteke dette. Volda Venstre si valliste, valbrosjyre og arbeidsprogram finn du på heimesida www.venstre.no/volda. Godt tidlegval!