for i Kinn. Han er m.a. styremedlem i Florø Hamn KF og Klimapartnere Vestland, og er styreleiar i Ålfotbreen landskapsvernområde.
Jacob sine hjartesaker i Vestland fylkesting
- Trygge og gode vegar som gjer det mogleg å bu og skape verdiar i heile Vestland fylke.
- Redusere månadskort for kollektiv til 499 kroner.
- Vidaregåande skular der elevane trivast og får kompetanse som offentlig og privat sektor i Vestland treng i framtida.
- At fylkeskommunen bidreg til grøn omstilling og konkurransekraft i næringslivet og offentlig sektor, og ikkje er ei hindrande sinke i planarbeid.
- At Vestland har eit mangfaldig og godt kulturtilbod i både bygd og by.
- Tannlegevakt i heile fylket.
Du kan lese heile programmet til Vestland Venstre her.
Jacob sine hjartesaker i Kinn kommune
- Ei handlekraftig politisk leiing som ikkje berre pratar, men leverer og evnar å samarbeide.
- Helse- og omsorgstenester med nok tilsette som gjer at dei som treng hjelp får den hjelpa dei treng, enten det er jordmorvakt eller sjukeheimsplass.
- Ta vare på og utvikle grøne kvardagskvalitetar, enten det er turstiar, parkar eller vern av natur.
- Industri og næring som på berekraftig vis skapar arbeidsplassar for framtida.
- Gode skular med fleire tilsette i klasseromma for gode læringsmiljø.
- Utvikling av urbane kvalitetar i byane våre, som saman med livskraftige grender og lokalsamfunn er attraktive for tilflytting.
- Redusere skattar og avgifter.
Kinn Venstre sitt hovudmål er å skape ein moderne kommune der unge vil bu. Du kan lese heile programmet til Kinn Venstre her.
Heile lista til Kinn Venstre finn du ved å trykke her!
Lurer du på noko?
Ta kontakt med Jacob!
Telefon: 480 13 162,
E-post: [email protected]
Facebook/Instagram: @Nodseth