Venstre vil gjere Ullensvang til ein JA-kommune for lokale initiativ innan næring, bustadutvikling og frivilligheit. Me vil ta meir omsyn til natur og miljø i alle saker, og sikre gode tenester, tryggleik og fridom for alle innbyggarar. Her er vårt valprogram for dei neste fire åra:
FRAMOVER – Venstre vil alltid meir
FRIDOM
- Sikre innbyggarane fridom til å velje tenester i kvardagen.
- Sikre ytringsfridom for innbyggjarar og tilsette i kommunen.
- Verne om eigedomsretten og gje innbyggjarar meir fridom på eigen eigedom.
- Fremje tiltak mot negativ sosial kontroll.
- Busetje så mange flyktningar som kommunen vert bedt om.
- Prioritere universell utforming som betyr fridom for alle.
- Etablere verdige religionsnøytrale seremonirom i kommunen.
KVARDAG
- Alle skal føle seg trygge på at dei får hjelp i helse og omsorg den dagen dei treng det – både unge og eldre.
- Satse på koordinator-rolla. Til dømes kreftkoordinator, heilheitskoordinator og koordinator for individuell plan, som hjelper folk som treng helse-, omsorgs- og velferdstenester og bidreg til god fagleg samhandling og effektiv ressursburk.
- Prioritere helsetilbod i bygdene nær der folk bur og helsesjukepleiar på skulane.
- Prioritere lågterskel demenstilbod i bygdene, dagtilbod som gjer det enklare å bli eldre heime.
- Sikre at kommunen skal vera ein god og fleksibel arbeidsgjevar.
- Ta initiativ til etablering av bufellesskap for eldre i bygdene.
- Prioritere betre bemanning i oppvekst, helse og omsorg, med fleksibel turnus for dei som ønskjer det.
- Auke støtteordningane for kulturen, idretten og frivilligheita.
- Prioritere meir til dei som har minst.
- Arbeide for betre kollektivtilbod og tryggare vegar som trengs i ein kommune med store avstandar
- Arbeide for betre busstilbod på kveld og helg, og gjere heile busstilbodet gratis for barn og unge opp til 20 år.
- Prioritere gul midtstripe og rassikring av utsette vegparti. Arbeide opp mot fylke og stat for prioritering av RV13 frå Rogaland grense til Bu, strekninga Odda – Jondal og realisering av Røldalstunnelen.
- Arbeide vidare for realisering av lyntog over Haukeli.
- Innføre løpande opptak i barnehagen slik at alle born er garantert plass den månaden dei fyller eitt år.
- Ta initiativ til eit privat høyresentral-tilbod i kommunen.
UTVIKLING
- Fremje utvikling i alle bygder og grender – satse på gode nærmiljø og eit sterkt lokalsenter.
- Sikre utvikling i tråd med bærekraftsmåla – dei må gjennomsyre alt kommunen gjer.
- Bli “Best i Vest” på rekruttering og tilrettelegging for lærlingar og studentar – rekruttering av fagfolk er vår største utfordring.
- Sikre gode sjølvstudieplassar og kontorplassar for sjølvstendige, oppstartsbedrifter og offentlege fjernarbeidsplassar.
- Prioritere gode ordningar for kompetanseuvikling og nyetableringar i heile kommunen.
- Støtte opp om arbeidet med klyngebygging innan ulike næringsgreiner som sider, handel, industri, landbruk, kultur og reiseliv.
- Arbeide for at storindustrien har gode vilkår for fortsatt vekst i kommunen.
- Støtte opp om utvikling av landbruket i kommunen og attåtnæringar på gardane.
- Sikre gode rammer for lokalt næringsfond og etablere eige tilskuddsfond for flyktningar som vil etablere næring.
- Redusere skatt, avgifter og byråkrati for småbedrifter og oppstartsbedrifter.
BUSTAD
- Gjere Ullensvang til ein tydeleg JA-kommune for bustadbygging. Vi treng hus, leiligheiter og tomter i heile kommunen.
- Opne for spreidd bustadbygging i LNF-områder for å gjera det lettare for dei som ønsker å bygga i tilknytning til eksisterande gardsbruk og bustader.
- Prioritere eit krafttak for istandsetting av tomme bustader, både kommunen sine eigne og privat eigde.
- Fremje tiltak for å gjere fleire bustader som i dag er sommarutleigde til heilårsutleigde.
- Ta initiativ til fleire “Leige-til-eige” løysingar i privat og kommunal regi.
- Etablere eit ENØK-fond for energisparande tiltak i bustader med tilhøyrande krav om at dei skal nyttast til heilårsbustad.
MILJØ OG KLIMA
- Ta større hensyn til naturverdiar i arealutvikling, ha eigen miljørådgjevar i kommunen si planavdeling.
- Ta større ansvar for å minske klimagassutsleppa i kommunen – både eigne tiltak og stille krav på m.a. byggeplassar.
- Ha som mål å auke kraftproduksjonen og redusere forbruket med effektivisering, meir bruk av solceller på tak og hydrogenproduksjon.
- Forvalte kommunen som turistmål innanfor naturen sine tålegrenser framfor å auke volumet.
- Legge til rette for bærekraftig naturbruk og eit aktivt friluftsliv for alle.
- Prioritere betre ordningar for kasting av spesialavfall, for private, bedrifter og landbruket.
- Forvalta kommunen sine interesser på Hardangervidda slik at villreinen får best mogleg livsvilkår.
- Få den kommunale bilparken over på el-bilar og hydrogenbilar.
- Arbeide for strengare miljøkrav til oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden, og at ein eventuell vekst i næringa skal skje i lukka oppdrettsanlegg.
SKULE
- Satse på etter- og vidareutdanning for lærarar.
- Bevare skulane som er viktig for gode nærmiljø. Legge til rette for større læringsmiljø og sosiale møteplassar for elevane.
- Støtte nytt felles oppvekstsenter på Aga for vestsida.
- Behalde Tyssedal skule, forutsett at elevtalet ikkje synk for mykje.
- Sikre trygge skulevegar med god belysning og god skuleskyss
- Arbeide for at skuleskyssen må skjer meir på elevane sine premisser. Dei minste elevane må få effektiv skyss slik at skuledagen ikkje blir unødig lang.
- Gjere forsøk med seinare og meir fleksibel start på skuledagen.
- Prioritere betre skulehelsetilbod. særleg psykisk helsetilbod for ungdom.
- Samarbeide med Odda VGS om å gjerne skuletilbodet meir attraktivt.
- Satse meir på lærlingeplassar i kommunen og 4-årige lærlingeløp for vaksne.
Venstre er klare for å ta ansvar for dei store utfordringane me står ovanfor.
Me har vilje til å prioritere, og kraft til å gjennomføre.