Tysvær Venstre har klart lista for kommunevalet i år. Me i Tysvær Venstre skal vera ærlege på at det var ikkje enkelt å få tak i ei liste i år. Men engasjementet for skulane, miljøet og næringslivet var for sterkt, og til slutt fann me ei løysing der me har kumulert tre på toppen av lista. Me håpar å kunne samarbeida breiare, der me deler på oppgåvene i kommunestyre og komitear. Men me har eit klart oppdrag denne perioden, og det er å gjera kommunepolitikken meir gjennomsiktig og gjera det mogleg for fleire å bidra.
Så no kan dei som vil stemma for å prioritera å kutta klimagassar i kommunen eller å gje lærarane betre status og høgare løn stemma på Venstre likevel!.
Lista i sin heilskap er:
- Trygve Egge, 1971
- Narve Susort, 1958
- Vebjørn Espeland, 1995
- Torunn Vestbø Gjerde, 1970
- Pauline Vik Vestly, 2000
- Simon Gullhaug, 2004
- Yngve Askeland, 1974
- Sturla Vik-Vestly, 1968
- Gunnar Egge, 1946
- Vidar Johannes Aarhus, 1946
- Laila Holgersen, 1949