Meiner Noreg har hatt god tid til å tilpassa politikken og få på plass subsidiar som gjer at Noreg kan ta opp kampen
Sist veke skreiv Os & Fusaposten at Corvus har lagt planane om batterifabrikk i Lyseparken på is. Årsaka er konkurransesituasjon mellom USA og Kina, der førstnemnde no subsidierer bygging av slike fabrikkar for å ta opp kampen med Kina.
— Det er dessverre ikkje aktuelt å byggja fabrikk i Lyseparken eller andre stader i Noreg slik situasjonen er no. Då er det langt rimelegare for oss å byggja i USA, slo administrerande direktør i Corvus, Geir Bjørkeli, fast.
Bjørkeli har likevel håp om at norske styresmakter vil leggja til rette for like gode moglegheiter i Noreg.
No har Bjørnafjorden Venstre og ordførarkandidat Ole Reinert Berg-Olsen engasjert seg i saka.
— Heile verda skal elektrifiserast. Alle treng batteri. Når me er så heldige å ha ein lokal produsent av batterisystem, er det så inderleg typisk norsk at me sit her og somlar med oljefelta våre, utan snev av innovativ tankegang i høve det grøne skiftet. Noreg har hatt god tid til å tilpassa politikken og få på plass subsidiar som gjer at vi tek på oss ei grøn leiardrakt, seier Berg-Olsen.
Berg-Olsen er frustrert over at Noreg lèt seg forbigå av USA når ‘alle norske næringslivsleiarar argumenterer med at kompetansen i norsk oljeindustri skal sikra Noreg framtidas grøne arbeidsplassar’.
– No mister me kanskje hundre- eller tusenvis av arbeidsplassar i Os. Berre på grunn av ubesluttsomme politikarar, meiner Berg-Olsen.
Må slå eit slag for grøn energi
Venstres næringspolitiske talsperson, Alfred Bjørlo, meiner Noreg på grunn av Ap/Sp-regjeringa sin ‘åleinegang og vingling’, står i fare for å koma i «dødens posisjon» i kampen om etableringar av ny, grøn industri.
– Venstre krev at regjeringa umiddelbart matchar EU og dermed resten av Europa når det gjeld å leggja til rette for nye, storskala, grøne næringsetableringar, slik at vi kan få Corvus sin batterifabrikk og andre slike industrietableringar på skjenene igjen.
Han peikar på at Noreg har fantastiske føresetnader for å leia an i det grøne skiftet og innanfor ny klimateknologi, ikkje minst knytt til sjøen og havet.
– Men då må regjeringa få opp farten når både USA og EU no set inn turbogiret. Sps EU-motstand og gammaldagse nasjonalisme, kombinert med Aps preferansar av oljenæringa framfor ny, grøn teknologi, blir ein stadig tyngre klamp om foten når vi no er nøydde til å springa inn i den grøne framtida, seier Bjørlo.
Opprinnelig sak i Os&Fusa-posten:
https://www.osogfusa.no/nyhende/kjem-med-krav-til-regjeringa-etter-corvus-saka-ma-fa-opp-farten-nar-usa-no-set-inn-turbogiret/