Stad Venstre vil:
- Prioritere kvalitet i skulen, mellom anna ved å la lærarane få bruke meir av si arbeidstid til undervisning. Andre arbeidsoppgåver bør utførast av andre yrkesgrupper
- Legge til rette for etter- og vidareutdanning av fleire lærarar
- Evaluere dagens skulestruktur og ha ein brei debatt om løysingar for framtida
- Sikre naudsynt vedlikehald av skulebygg, barnehagar og andre kommunale bygg
- Bygge symjebasseng i Selje
- Ha auka samarbeid mellom skule og næringsliv, mellom anna ved å satse på entreprenørskap gjennom heile skuleløpet
- Legge vekt på at elevane har eit godt skulebibliotek, eller at skulen har nært samarbeid med det lokale biblioteket, for å auke borna si leselyst og auke forståinga for andre informasjonakjelder enn dei digitale platformene
- Støtte opp om skulehagar som lærings- og inkluderingarena, for å styrke oppveksttilbodet til barn og unge etter modell frå Grøn integrering
- Satse på tidleg innsats, både i barnehage og skule, for born som treng ekstra støtte, og sikre nok spesialpedagogiske ressursar
- Legge til rette for auka pedagogisk bruk av naturen og uteområde i barnehage og skule
- Sikre eit breitt barnehagetilbod med rett bemanning
- Ha gode offentlege skular og barnehagar som basis i tenestetilbodet til born og unge. Samtidig er vi positive til supplerende tilbod, både i privat og ideell regi, i samspel med dei offentlege tilboda
- Sikre gode oppvekstvilkår til barn, også i familiar med låg inntekt, til dømes ved gratis kollektivtransport, fritidskort, støttekontaktordning og leksehjelp
- Vere ein god vertskommune for skular, studentar og hybelbuarar
- Legge til rette for gode møteplassar for ungdom, og oppretthalde UKM (Ung Kultur Møtast)
- Styrke ordninga med helsestasjon for ungdom
- Opprette fleire kommunale lærlingeplassar
- Legge til rette for fleire sommarjobbar for ungdom gjennom samarbeid næringsliv/kommune
- Støtte røysterett for 16-åringar og gje Ungdomsrådet auka medverknad, og talerett i kommunestyret
- Krevje betre kollektivtilbud i heile Stad kommune, mellom anna for å legge til rette for at ungdom som bur på hybel kan delta på fritidsaktiviteter på eigen heimstad
- Sikre trygge gang- og sykkelvegar til alle skulane i Stad kommune, til dømes gang- og sykkelveg på Stårheim, manglande sykkelveg mellom Skårhaug og Haugen, og vidare utbygging av sykkelvegar i Selje, Flatraket og Leikanger
- Innføre ein plan for LHBTI-personar på lik line med dei større byane, slik at også skeive ungdommar og andre kan kjenne seg heime og trygge i distriktet
- Halde på og vidareutvikle ordninga «Heim for ein 50-lapp»