Stad Venstre vil:
- Prioritere arbeidet med å ha ein oppdatert arealdel til kommuneplanen for å sikre areal for bustad, næring, fritid, tenesteyting og transport. Setje rekruttering av folk og sikre tilgang til rett kompetanse høgt på dagsorden i Stad kommune – i nært samarbeid med næringslivet gjennom Stad Vekst og andre aktuelle aktørar
- Vere imøtekommande og legge tilrette for private aktørar som vil utvikle eigedomar til faste bustader
- Søke løysingar som får tomme småbruk og hus ut på marknaden
- Klargjere fleire nye næringsareal og næringsbygg for bedriftsetableringar på sjø og land
- Gjere det enklare å starte og driva eiga bedrift, legge til rette for fjernarbeidsplassar og gründerverksemd
- Ha forsvarleg og rask sakshandsaming i saker som er viktige for innbyggjarane, gründerar og næringsliv
- Seie nei til auke i eigedomsskatten for private bustader, og ha som mål å redusere den når kommuneøkonomien tillet det
- At kommunen skal vere ein ambisiøs ja-kommune som er pådrivar for å tenke nytt og framtidsretta. Stad kommune skal vere ein aktiv medspelar med dei som ønsker utvikling, og i møte med innbyggjarar, verksemder og organisasjonar
- Arbeide for etablering av minst 100 nye statlege arbeidsplassar i Stad kommune innan 2027, mellom anna ved gjennomføring av arbeidet med Statens Hus på Nordfjordeid.
- Gjere Stad til føregangskommune på energi, klima og grønt næringsliv
- Samarbeide med landbruksnæringa om å utvikle landbruket som grøn vekstnæring
- Samarbeide med fiskeri- og havbruksnæringa for å bygge ei sterk samla marin næringsklynge i Nordfjord, og utvikle næringane vidare i grøn retning
- Legge til rette for vekst i reiselivet ved å fronte natur- og kulturopplevingar, og stø opp om nye satsingar
- Ha ei velfungerande «reiselivsklynge» i Stad kommune med utgangspunkt i strategisk plan for berekraftig reiselivsutvikling, med hovedvekt på kvalitet framfor kvantitet
- Tilpasse skjenke-og salgstider på alkohol til nabokommunene, så restauranter og serveringsstader i kommunen får konkurrere på like vilkår
- Gje butikkar på stader med mykje turisttrafikk løyve til å halde ope på heilagdagar
- Gjere Pilegrimssenteret i Selje og Sagastad på Nordfjordeid til eit samanhengande reisemål, der ein kan syne fram andre kulturhistoriske stadar mellom desse to
- Behalde heilagøya Selja mest mogleg urøyrd
- Undersøke moglegheit for å krevje bompengar på turisttrafikk opp til Vestkapp
- Stø opp om satsinga på Fjordane Virtuelle Campus
- Arbeide for fleire desentraliserte fagskule- og høgskuletilbod i Stad kommune