Stad Venstre vil:
- Utvikle kommunesenteret Nordfjordeid som ein fjordby, gjennom utbygging/fortetting av bygningsmassen på ledige areal i sentrum
- Vidareutvikle og oppgradere sjøfronten på Nordfjordeid
- Gi Bryggja status som lokalsenter i kommuneplanen sin samfunnsdel, som Selje og Leikanger, grunna strategisk geografisk plassering i kommunen.
- Vere positiv til planane om realisering av Stad Molo på Leikanger
- Jobbe for levande, attraktive tettstadar og bygder i heile kommunen, men gode buområde, trygge og samanhengande gang- og sykkelvegar, møtestadar for sosial aktivitet og lokale fritids- og kulturtilbod
- Sikre ledig areal og stimulere til auka budstadbygging over heile kommunen. Vi må styrke og utvikle viktige nærliggande funksjonar som skular og barnehagar, nærbutikkar, helse- og omsorgstenester
- Legge til rette for moderne buformer, minihus og gode bustadmiljø, med høve til treffpunkt og fellesfunksjonar
- Ha eit «lokalsamfunnsteam» i Stad kommune som gjer det enkelt for bygder og frivillige lag å samarbeide med kommunen – med éin fast kontaktperson i kommunen
- Arbeide for eit samla Nordfjord og at regionen skal ta ein sterkare posisjon i Vestland fylke – mellom anna gjennom fleire fylkeskommunale kompetansearbeidsplasser, styrking av dei vidaregåande skulane og utflytting av oppgåver og funksjoner frå stat og fylke til Nordfjord og til Stad kommune
- Bygge Nordfjordbrua Anda-Lote. Få plangrunnlag og nødvendige vedtak på plass i komande periode
- Ha byggestart for Stad Skipstunnel seinast i 2024
- Betre hurtigbåtsamband mellom Stad kommune og Måløy-Florø-Bergen, med forlenging av rutene til Ålesund når Stad Skipstunnel kjem
- Styrke Eid vidaregåande skule som utdanningssenter, med sterkt samarbeid kommune/ vidaregåande skule, og med dei andre vidaregåande skulane i Nordfjord
- Bygge gang- og sykkelveg langs RV15 frå Ytre Skårhaug til Haugen Utbetre trafikktrygleiken i 80 sona på Stårheim for mjuke trafikkantar
- Utvide kollektivtilbodet, som gjer det meir attraktivt og praktisk å nytte tilbodet, til dømes ein timeekspress Måløy – Stryn tilpassa eit felles bu- og arbeidsområde, og skulerute mellom dei ytre delane av kommunen inn mot Nordfjordeid
- Jobbe for offentlig støtte til flybuss til og fra alle avgangar på Sandane lufthamn, slik som i Sogndal og Førde
- Følge opp utbetring av Fv 620 Årsheimstranda. Utbetre og rassikre Fv 618 som ein viktig pendlarveg i ytre del av kommune