Stad Venstre vil:
- Ha fritidskort som gjev alle born og ungdomar tilbod om minst éin fritidsaktivitet
- Satse vidare på utlånssentralen for fritidsaktivitetar, BUA. Få på plass ei ordning der også næringslivet kan sponse innkjøp av utstyr til utlån
- Samarbeide med lokale krefter og næringsliv om å få til fleirbrukshallar i heile kommunen, for gi born og unge betre anlegg i kvardagen til idretts – og
- kulturaktivitetar
- Redusere halleiga for idretten, og prisane i kulturskulen
- Ha fritidskort som gjev alle born og ungdomar tilbod om minst éin fritidsaktivitet
- Satse vidare på utlånssentralen for fritidsaktivitetar, BUA. Få på plass ei ordning der også næringslivet kan sponse innkjøp av utstyr til utlån
- Samarbeide med lokale krefter og næringsliv om å få til fleirbrukshallar i heile kommunen, for gi born og unge betre anlegg i kvardagen til idretts – og kulturaktivitetar
- Redusere halleiga for idretten, og prisane i kulturskulen
- At Stad kommune skal vere med å legge til rette for leik og uorganisert aktivitet, gjennom utbygging av nærmiljøanlegg som aktivitetsparker, ballbingar, klatrestativ og hinderløyper, i samarbeid med bygdelag og idrettslag
- Få fleire aktive ute i friluft gjennom turstiar, naturmøteplassar og friluftsanlegg
- Jobbe for å gjere kulturarven vår betre kjend.
- Legge til rette for at frivillig sektor får ressursar og støtte i arbeidet med inkludering og førebygging av utanforskap
- Styrke Frivilligsentralane på Nordfjordeid og i Selje for å kunne støtte opp om dei frivillige organisasjonane og betre samspelet mellom frivillig, privat og offentleg sektor
- Starte ei prøveordning med søndagsope bibliotek
- Styrke kulturskuletilbodet og tilbodet innan dans, musikk og visuell kunst
- Jobbe for auka næringsutvikling knytt til kunst og kultur
- Styrke lokalsamfunna og attraktiviteten til Stad kommune gjennom nært samarbeid med Malakoff og andre lokale festivalar og kulturopplevingar
- Sørge for at frivillige lag og organisasjonar – særleg retta mot born og unge, vert ivareteke
- Støtte opp om den viktige frivillige innsatsen ved Harpefossen skisenter
- Avklare lokaliseringa for fotballhall på Nordfjordeid slik at Eid IL kan realisere sine planar
- Jobbe for at Norsk Fjordhestsenter får gode vilkår for til utvikle seg for framtida