Stad Venstre vil:
- Halde fram med det årlege klimarekneskapet for kommunen, og prioritere klimavennlege tiltak som gjer måloppnåing mogleg
- Sikre god kapasitet og rett mengde ladestasjonar for elbil i heile kommunen, som til dømes ved skulane og i sentrum, der folk ferdast
- Legge til rette for miljøvennlege sanitæranlegg og betre ordningar for avfall på turistmåla i Stad kommune, i samarbeid med næringslivet
- Sikre at kommunen i eigne innkjøp og i samarbeid med næringslivet, skal jobbe for at minst 20% av tungtransporten skal gå på fornybart drivstoff på kort sikt, og at all tungtransport og anleggsdrift skal
- kunne gå på fornybart drivstoff innan 2030
- Lage ein strategi som legg til rette for at Stad kommune kan velje gjenbruk framfor nytt, der det gir eit betre miljøavtrykk enn å kjøpe nytt
- Støtte opp om låne- og delingsordningar for handverksmaskiner, turutstyr og liknande etter modell frå BUA-ordninga
- Leggje til rette for auka lokal produksjon og distribusjon av mat, mellom anna ved å støtte opp under tiltak som REKO-ring og andre lokale matdistribusjonsordningar
- At klimagevinsten i rehabilitering og tilbygg alltid skal vurderast opp mot riving i kommunale eigedomsprosjekt
- Stanse nedbygging av natur og myr, og reetablere meir natur
- Kartleggje natur i kommunen og innføre naturbudsjett, og stille krav om arealrekneskap ved nye prosjekt.
- Seie nei til nedbygging av verdifull matjord hvis det ikkje samtidig blir stilt krav til utbyggar om etablering av erstatningsareal av minst like god kvalitet
- Avgrense dei negative effektane hytteutbygging har på naturen
- Leggje til rette for meir vern av naturområde, mellom anna lokale markagrenser, fjellgrenser og statleg sikra naturområde
- Styrke dei regionale planane for å sørgje for heilskapleg arealplanlegging på tvers av kommunegrenser.
- Ha felles forvaltningsplan for næringsverksemd i fjella og fjordane våre, i lag med kommunane i Nordfjord. Målet er å samarbeide om at utviklinga skjer innanfor naturen sine tolegrensar, og halde arealkonflikter på lågast mogelege nivå.
- Gjere det enkelt å gjenbruke areal som allereie er nedbygd, til dømes grunnmurar, gamle hus og driftsbyggningar.
- Stille krav om utsleppsfrie byggje- og anleggsplassar der kommunen sjølv er byggherre, og opne for at kommunane kan krevje dette i private utbyggingar òg
- At kommunale nybygg skal byggast i materiale med lågast mogleg miljøbelasting gjennom heile brukstida
- Følge høge standardar for energibruk i bygg, miljøvenlege byggemateriale og eigenproduksjon av energi, og nytte offentlege støtteordningar som Enova, Klimasats og andre midlar for å lukkast
- Jobbe for at energi til drift av kommunale bygg skal vere basert på fornybare og helst lokale kjelder, som til dømes fjordvarme, sol- eller bioenergi
- Stille krav om energiproduksjon og vegetasjon på tak og fasadar i nye større bygg, og på sikt eksisterande bygg, for å bidra til klimatilpassing og auka biologisk mangfald
- At kommunale bygg skal vere klimanøytrale innan 2030, og produsere minst 50% av eige energibehov sjølv. Restbehov skal vere opphavsgarantert fornybar energi
- Vere positive til private som ønskjer å produsere fornybar energi til eigen bustad, og som vil levere eventuell overskotsstraum til nettet
- At alle kommunale tenestebilar skal vere utsleppsfrie i løpet av fireårsperioden
- Kommunen må sette eit maks antall cruiseanløp per sesong, og ha moglegheit til å halde dagar fri for cruisetrafikk
- Ha like strenge miljøkrav til cruisenæringa for heile Vestlandet som i verdsarvfjordane, og halde fram med å få på plass landstraum for cruiseskip på Nordfjordeid
- Satse på berekraftig reiseliv, med infrastruktur tilpassa trafikk, god kommunikasjon med innbyggjarane og turistskatt
- Si klart nei til helikopterflyging av turistar, av omsyn til dyr, mennesker og klima.
- Gjere det enkelt å etablere små og alternative utleigehytter (til dømes “tretopphytter”), og legge til rette for campingplassar og bubilparkering fleire stader, for å unngå villcamping/parkering
- Sikre allmen tilgang til strandsona
- Halde eit høgt nivå på samfunnsberedskapen og på planar som har med naturkatastrofer, store ulykker, terror og krigsliknande situasjonar å gjere. Det må øvast med nøkkelpersonar og på tvers av samfunnssektorane
- Jobbe for at våre sikringstiltak kjem høgt på prioriteringslista til NVE.
- Ha ein skjøtselsplan for skog som kan fungere som vern mot flaum, ras, skred og overvatn for bygningar og infrastruktur
- Ha ein tiltaksplan for å tilpasse kommunale vegar, infrastruktur, bygg og gards/ skogsvegar til klimaendringar og tøffare vær
- Ha ein tiltaks- og vedlikehaldsplan for å førebygge overvatn, tette avlaup, samt flaumutsette bekkar og vassdrag
- At kommunen har ein strategi og tiltak for at folk trygt kan gå og sykle mest mogleg i kvardagen
- Redusere lysforureining