Stad Venstre vil:
- Styrke satsinga på heimebasert omsorg og omsorgsbustader.
- Sikre eit tilstrekkeleg tal langtidsplassar/sjukeheimsplassar
- Nytte velferdsteknologi, innovasjon og nye løysningar for å legge til rette for at fleire kan bu heime lenger, meistre eigen kvardag, og ha større handlefridom
- Stimulere til at fleire eldre kan ta ansvar for eigen busituasjon, og legge til rette for boligar med meir fellesskap
- Samordne og utvikle betre tenester innanfor rus og psykiatri
- Legge til rette for areal til utbygging av tilpassa bustadar
- Oppretthalde eksisterande dagsentertilbod for eldre
- Legge til rette for fleire heiltidsstillingar og ein heiltidskultur i Stad kommune
- Redusere bruken av vikarbyrå i helse- og omsorgssektoren
- Ha fokus på helseførebyggjande arbeid retta mot alle aldrar
- Sikre ein ungdomskontakt og eit godt lågterskeltilbod for ungdom med psykiske plager
- Styrke folkehelsearbeidet – tettare samarbeid med idrettslag, bygdelag og frivillige organisasjonar
- Satse på frisklivsentralar og frivilligsentralar med rådgjeving og lågterskel helsestilbod som fysioterapi demenskoordinator, kreftkoordinator kommunepsykolog
- Samhandle med politiet og styrke kriminalitetsførebyggande arbeid
- Sikre- og styrke fastlegeordninga
- Styrke Nordfjord sjukehus, Nordfjord Psykatrisenter og Nordfjord BUP
- Styrke satsinga på kvinnehelse mellom anna ved å jobbe for eit trygt og godt fødetilbod i kommunen, inkludert barseltilbud
- Styrke følgjetenesta med jordmor til fødande med lang reisevei
- Satse på jordmor som ein forebyggende ressurs innan psykisk og fysisk helse
- Jobbe for rekruttering av jordmødre, som samfunnskritisk nøkkelpersonell
- Ta godt imot flyktingar, og gje flyktningtenesta gode føresetnader til å gjere ein viktig jobb på vegne av fellesskapet
- Etablere betre landingsplass for ambulansehelikopter på Nordfjordeid