Haram Venstres 14 grep for betre oppvekstvilkår i Haram kommune

Venstre ønsker tallfesting av verdien av forebyggende arbeid i Haram kommune., Amir Hosseini on Unsplash

Verda blir mindre og mindre, og dei problema som syntest å vere så langt unna lille trygge Haram er no her i full monn. Den glade, trygge og beskytta oppveksten ein hadde for 10-20 år sidan er trua av rusmisbruk, vald, auka press frå eit seksualisert og valdeleg mediebilete, fråskiljing, tidsklemma og auka forskjellar. Aldri har ungdomen blitt forsøkt påverka frå så mange kantar som no.

Vi må som vaksne beskytte våre born og unge mot alt det vi sleppte å ta omsyn til sjølve. Og har nokon allereie blitt negativt påverka av dette, så skal dei få hjelp til å kome seg ut av det så raskt som mogleg.

Her er Haram Venstres 14 grep for betre oppvekstvilkår i Haram kommune:

  1. Helsesøsterressursen i ungdomsskulane må aukast til eitt årsverk pr skule.
  2. Rusomsorga må styrkast slik at dei yngste rusmisbrukarane blir fanga opp tidleg, at dei enkelt får tilbod om avrusing og ettervern. Ettervernet skal inkludere bustad, aktivitetar og helsemessig oppfølging.
  3. Innføre lågterskeltilbod innan psykiatri for ungdom, der det er gratis å møte opp – også utan henvisning frå lege.
  4. Pålegge kommunen å ta imot lærlingar i alle yrke kommunen kan tilby dette i.
  5. Innføre frivillig sommarskule for dei som går ut av 10.klasse på ungdomsskulen som har 1 og 2 i ulike fag, slik at dei får eit tilfredsstillande fagleg nivå til å gjennomføre vidaregåande.
  6. Gi alle lærarane i kommunen etter- og vidareutdanning slik at ingen elevar har lærarar med mindre enn 30 studiepoeng (1/2 år) i fag dei underviser i.
  7. Gi frikort til aktivitetar i kultur-, idretts- og organisasjonsliv for ressurssvake familiar.
  8. Auke tal årsverk i barnevernet slik at det blir gitt meir effektiv og grundig sakshandsaming.
  9. Ta med born og unge på råd om korleis kommunen skal utviklast gjennom enno meir aktiv bruk av ungdomsråd.
  10. Innføre fast dialog mellom kommunens ungdommar og dei folkevalde – gjerne i skuletida.
  11. Gjere språket kommunen bruker enklare slik at fleire forstår kva kommunen vil og meiner.
  12. Dreie støtteordningane innan kultur for born og unge mot meir støtte til uorganiserte aktivitetar.
  13. Arbeide for at ungdom har eit tilfredsstillande fritidstilbod, tilpassa deira ønskjer og behov.
  14. Arbeide for at det er mogleg å kome seg heim frå fritidstilbod og venar med offentleg kollektivtransport til ein rimeleg pris, blant anna ved å gjeninnføre ein «heim for ein 50-lapp»-ordning i Haram og i samarbeid med fylkeskommunen gjennomføre ein toårig prøveordning med gratis buss.

 

Matias Hoem Bjurbeck.

Matias Hoem Bjurbeck
Kummulert 4.kandidat Haram Venstre