Sunnfjord Venstre sitt program for 2023-2027

Gunn Merete Paulsen

«Sunnfjord skal ha eit næringsliv for framtida. Sunnfjord skal møte framtida med glød og vilje til å bli betre og fleire »
– ordførarkandidat Gunn Merete Paulsen

Vår visjon

Sunnfjord skal by på dei beste stadane å vekse opp og å bli eldre. Sunnfjord skal ha eit næringsliv for framtida. Sunnfjord skal møte framtida med glød og vilje til å bli betre og fleire.

Fullstendig program i pdf finn du her.

For å klare dette, treng vi meir enn nokon gong før å bygge eit sterkt lag av samfunnsbyggarar. Eit nyskapingslag. For Sunnfjord bygger seg ikkje sjølv! 

Vi veit vi skal møte store utfordringar som hindrar oss i å utvikle oss vidare. Færre folk, fleire eldre, mindre tilgang til arbeidskraft, aukande klima- og miljøutfordringar.  Då er det ikkje lenger nok å kvile på solid næringsliv, gode leve- og oppvekstkår og engasjerte innbyggjarar. 

Korleis dette blir løyst vil få store konsekvensar for liva til alle sunnfjordingar. Vi treng evne til å styre, kraft til å gjennomføre og tempo!

Vi må ta ansvar for vår eiga framtid. Vi må vere modige og kloke for å løyse utfordringane. Vi treng lyttande og handlekraftige politikarar med perspektiv som strekk seg lenger enn til neste valkamp. Berekraft skal gjennomsyre alle delar av verksemda til Sunnfjord kommune. 

Vi vil at Sunnfjord skal vere vekstmotoren i regionen. Vi skal tore å satse. Vi treng  ambisjonar, gjennomføringskraft, styringsevne og utdanning. Vi må skape nye arbeidsplassar tilpassa det grøne skiftet. 

Vi vil bygge på det vi allereie er gode på og dyrke kultur for entreprenørskap i alle ledd. Alt frå oppvekst og utdanning til næringsliv, organisasjonsliv  og det offentlege. Vi vil dyrke det som samfunn. Våre kjenneteikn skal vere kreativitet, evne til å sjå moglegheiter, ta initiativ og samarbeide,  og mobilisere ressursar. Vi skal ta ein tydeleg posisjon.

Vi i Sunnfjord Venstre ønskjer å vere ein hardtarbeidande og aktiv del av dette samfunnet for å utvikle Sunnfjord vidare. Di stemme vil hjelpe oss med å ta dei naudsynte stega for å lukkast. Di stemme kan sikre at vi tek  posisjonar i Sunnfjord kommune der vi kan få dette til å leve – kvar dag.

Under kan du lese om våre 5 sentrale mål og meir konkret kva vår politikk er/vil bli for komande periode.

VÅRE 5 SENTRALE MÅL:

1. Den beste staden å vekse opp – den beste staden å bli eldre:

Å sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge er ei av dei viktigaste oppgåvene framover. Dette krev samspel innad i kommunen, men også mellom kommunen, næringsliv og frivillige organisasjonar. Lukkast vi, legg det grunnlaget for å ønske å flytte tilbake for å gje eigne barn den same oppveksten. Det legg også grunnlaget for å rekruttere dei som ikkje har tilknytning til regionen.

Gode barnehagar og skular, rike kultur- og fritidstilbod og trygge lokalsamfunn er viktige kvalitetar som Sunnfjord Venstre vil satse meir på. Vi skal sikre dette for dei som bur her i dag og for familiar som vurderer å flytte hit.

Det er viktig for trivsel, rekruttering og miljø at vi har gode anlegg for idrett, kultur og friluftsliv. Sunnfjord skal ha ambisjonar om å ha anlegg med kvalitetar som når langt utanfor kommunen. 

Vi vil legge vekt på ferdigheiter i entreprenørskap, som av EU er framheva som ein av åtte nøkkelkompetansar for det 21. århundre, og som ei sentral ferdigheit for yngre som skal inn i arbeidslivet.


Innbyggarar i alle aldersgrupper i Sunnfjord har ein aktiv kvardag. Vi er heldige å ha engasjerte eldre som sjølv deltek i planlegging av eigen alderdom og utforming av omgjevnadane rundt seg . Innbyggarar som ynskjer det får bu lengst mogeleg i eigen heim. Pårørande opplever at dei får støtte og avlastning for arbeidet dei gjer for sine næraste 

Gode eldreliv handlar om aktivitetar og felleskap som Senioruniversitetet, Pensjonistlag og eldreråd. Det handlar også om mat og måltid, samanheng i tenestene og helsehjelp. Dette skal vi følge opp i planarbeid og økonomiplanarbeid.

2. Betre folkehelse – omsorg når du treng det

For å hjelpe dei som treng det mest, og for å unngå at kommunebudsjett blir overbelasta, vil Venstre satse heilskapleg på forebygging og velferdsteknologi i heile livsløpet. Vi kan gjere mykje for god helse og velferd gjennom å forebygge sjukdomar og helseproblem og involvere, aktivere og skape gode miljø. Men når behovet er der, må vi også tilby effektiv og tilgjengeleg hjelp, der brukarane sine behov står i sentrum.

Skal vi lukkast, treng vi samhandling mellom ulike aktørar, både dei som er i helsetenestene direkte, dei som yt andre kommunale tenester og dei som bidrar i frivillige organisasjonar.  

Det gjeld både primærhelseteneste, fastlegar og helsestasjonar, men også psykisk helsetilbod med psykologar.  Ungdommane våre skal få tilgang til psykologhjelp når dei har bruk for det.  Vi skal ha god rusomsorg. Våre friske eldre er ein stor uutnytta ressurs, men når våre eldre treng det, skal dei ha tilbod om heimetenester, sjukeheimsplassar, og tilrettelagte aktivitetar som kan bidra til auka livskvalitet. 

3. Næringsutvikling – framtidsretta, variert og inkluderande:

I Sunnfjord skal gode idear få kraft til å vekse. Vi vil ha ein kommune der det er lett å starte eigen bedrift, og der det enklare å drive for dei som allereie er her. 

Kommunen skal ikkje løyse alt aleine. Kommunen si rolle er å ta vare på, støtte, opplyse, rettleie og samarbeide om gode løysingar. Kommunen skal gjennom satsing på infrastruktur, både fysisk og digitalt, gjere varer og tenester betre tilgjengeleg og lette næringslivet sine behov. 

Vi skal også bidra til å auke tilgangen til kompetent arbeidskraft og legge til rette for framtidsretta innovasjon og næringsutvikling i regionen. Gjennom å forsterke koblingar mellom aktørane rundt kommunen, vil vi skape eit felles lag som støttar og legg til rette for lokal nyskaping.

Venstre vil jobbe for at Sunnfjord og Førde får fleire hovudkontor og motvirke at hovudkontor blir flytta ut av kommunen. Førde skal ikkje vere ein filialby, men ha lokale leiarar og eigarar som er villige til å investere tid, utviklingskraft og kapital i kommunen.

Ved hjelp av næringslivet, vil vi dyrke kultur for entreprenørskap i alle ledd i kommunen. Våre kjenneteikn skal vere kreativitet, evne til å sjå moglegheiter, ta initiativ og samarbeide,  og mobilisere ressursar.

Landbruk er viktig i Sunnfjord kommune for busetting og arbeidsplassar i store delar av bygdene i kommunen.  Vi ynskjer å halde fram med desentralisert landbruk med variert bruksstruktur og allsidig drift med matproduksjon.  Vi vil  støtte opp om tilleggsnæringar som fremjar busetnad og drift, overtaking og omsetnad av landbrukseigedomar.

4. Grøn politikk:

Det som er bra for kloden er også bra for det gode liv i Sunnfjord. Det gjeld på alle område, uansett aktivitet og nivå.  Vi vil drive politikk som støttar overgang til ein lav-karbon og berekraftig fremtid. 

Det gjeld særleg mobilitet og samferdsle. I Sunnfjord kommune skal du kunne ferdast trygt som bilist eller som gåande eller syklande. Vi skal styrke kollektivtilboda og legge til rette for å nå nullutsleppsmåla innan transport.  

Sunnfjord kommune må jobbe vidare for trygge bil, gang- og sykkelvegar i heile kommunen. Vi treng å trygge skulevegane våre og sikre samanhengande sykkelvegar. Vi må engasjere oss som kommune for å få løfta fram våre veg, – og rassikringsprosjekt i Nasjonal Transportplan og i Vestland Fylke sin regionale transportplan. 

Vi vil gjere det enklare for innbyggarane å ta ansvar for miljøet. Kommunen må legge vekt på gode miljøløysingar og berekraft i alle anbod. Vi vil arbeide for smart utnytting av ressursar, frå produksjon til avfall. Avfall skal bli behandla som ein ressurs. Vårt kommunale avfallsselskap, Sunnfjord Miljøverk, skal tilby løysingar verda treng, til glede og nytte for folk og lokalsamfunnet.

Aktiv grøn politikk handlar også om å skape levande lokalsamfunn der det er godt å leve. Sjølv om det er mykje grønt i kommunen, treng vi grøne lunger og levande byrom også i Førde sentrum.

Energikommisjonens rapport av 1.2.23 viser auka energibehov då elektrifisering av transport og industri krev mykje kraft. Vi skal løyse klimakrisa og naturkrisa, og må vurdere mange kjelder til fornybar energi, men også å ivareta naturen.

5. Ein veldriven kommune: 

Å forvalte kommuneøkonomien klokt og langsiktig krev tøffe prioriteringar. Demografiske trendar viser at det blir trangare kår for økonomien framover, og dette vil kreve at kommunepolitikarane gjer vanskelege val. Det er store og viktige utfordringar vi skal løyse. Då kan vi ikkje late som om det finst enkle løysingar på kompliserte problem.

Kommunen vår treng ikkje populistiske politikarar som ikkje vil lytte til fagfolk, forskning og fakta. Kommunen treng politikarar som får ulike politikk-område til å virke saman, alt frå gode oppvekstvilkår, betre folkehelse og omsorg, næringsutvikling og miljøstyring. Det krev samarbeid og samspel internt i kommunen, men også med andre rundt kommunen som til dømes frivillegheita, næringslivet og innbyggjarane.

Vi kan hente gevinstar på endå betre samspel mellom næringsliv, frivilligheit og offentleg sektor. Vi vil jobbe for gode og grundige prosessar der fagfolk og innbyggarar blir lytta til. Vi vil alltid forsøke å gjere tenestetilboda og administrasjonen av Sunnfjord kommune betre og meir brukarvenlege. Vi skal  aktivt styrke tenestene gjennom målretta bruk av digitalisering og smart teknologi. 

VÅR POLITIKK

Eit næringsliv i front

Sunnfjord Venstre vil:

  1. Sunnfjord kommune skal vere ein næringsvenleg kommune. I det ligg det at kommunen skal vere ein utviklingsaktør, som ser løysingar og møter alle med idear på ein respektfull og konstruktiv måte.
  2. Vi skal finansiere Sunnfjord Utvikling slik at dei er i stand til å løyse dei oppgåvene vi legg på dei. 
  3. Vi skal prioritere innsatsen med å rekruttere kompetent arbeidskraft og gjere synleg det vi er sterke på saman med Sunnfjord Utvikling og Framtidsfylket.
  4. Vi skal legge til rette for at turistnæringa i Sunnfjord kan utvikle seg, med særleg fokus på opplevings- og kulturturisme.
  5. Vi vil støtte opp om Reko-ringen som ein viktig salskanal for lokalmatprodusentar , småbønder og mathandtverkarar utan mellomledd.
  6. Det skal vere enkelt å etablere bedrift i Sunnfjord. Vi vil bidra til å etablere  eit slagkraftig og mangfoldig nettverk av etablerarar, mentorar, investorar, ekspertar og erfarne næringslivsfolk. Det inkluderer eit fond som typisk investerer i tidleg fase-etableringar. Oppfølging vil skje i nettverket.   
  7. Vi skal bruke entreprenørskap som katalysator for utvikling og økonomisk vekst i Sunnfjord. Vi vil bidra til å skape eit økosystem der vi finn entreprenørskap både i barnehage og grunnskule, vidaregåande skule og høgskule. 
  8. Vi vil at oppvekst og utdanning skal samarbeide med næringslivet og statlege aktørar som Lotteri- og stiftelsestilsynet, Norec, Arbeidstilsynet og Skatt  om prosjekt, gjesteforelesarar, arrangement, studieoppgåver og utplassering. 
  9. Vi vil  bidra til eit godt samspel mellom verkemiddelapparata, investeringsmiljøet og næringslivklyngene i Sunnfjord, t.d Peak Sunnfjord, Concorde, Hafstadgården og Elvatunet. 
  10. Kommunen skal støtte opp om etablering og utvikling av eit teknologi- og innovasjonssenter og campus for HVL, Fagskulen og Førde  vgs. på Hellenes sitt verftsområdet i Førde, med labfunksjonar innanfor fornybar energi og ressurs- og sirkulærøkonomi.
  11. Vi vil arbeide for å få etablert sentrumsnært næringsareal.
  12. Sikre at det ikkje blir bygd ut vindkraft på Snøheia med massive naturinngrep utan at lokalsamfunna blir ivaretatt.
Trygg samferdsle og moderne mobilitet

Sunnfjord Venstre vil:

  1. Bybussen skal vere ryggraden i kollektivtilbodet i Sunnfjord med frekvens på avgangar tilpassa skule, kulturliv og næringsliv.
  2. Arbeide for å skaffe 50% statleg finansering til eit sterkt utvida kollektivtibod gjennom by/bygdevekstavtaler. Løfte dette saman med Vestland Fylkeskommune.
  3. Vi vil arbeide for å få avklart traseval gjennom Skei sentrum. Dette er viktig for framtidig utvikling av busetnad og næring.
  4. Arbeide for å realisere tunnel mellom Førde og Naustdal, og  halde fram arbeidet med å sikre midlar til rassikring av strekningar som vert rekna som utsette.
  5. Arbeide for at utbetring av FV 57 mellom Storehaug og Dale kjem raskt i gang.
  6. Arbeide for at E39 Storehaugen – Førde (Hafstadfjelltunnelen) vert innarbeidd i statsbudsjettet og får oppstartsmidlar i 2024.  Arbeide for å få prioritert gul midtstripe på E39 frå Bruland til Vassenden i Nasjonal Transportplan.
  7. Sikre flytilboda ved Førde lufthamn til og frå  Oslo.
  8. Vi skal jobbe for at flyruta Førde-Bergen kjem på plass igjen som FOT-rute  på Bringeland, og for at Førde Lufthamn Bringeland skal bli pilotprosjekt for elektriske passasjerfly med etablerte flygingar.
  9. Legge til rette for etablering av lademoglegheiter i burettslag og sameige
  10. Prioritere å etablere gang- og sykkelvegar som bind saman bustadfelt og sentrumsfunksjonar. 
  11.  Arbeide for å få bygd ferdig gang- og sykkelvegen mellom Kusslid og Moskog. 
  12. Kommunen skal arbeide for hyppige avgangar med buss mellom Førde og Bergen, samt eit godt kollektivtilbod i ein større region med Kinn, HAFS og Sunnfjord som bu- og arbeidsmarknad.
Utdanning

Sunnfjord Venstre vil:

  1. Innføre prøveordning for skulemat og jobbe for at kosthald og matlaging skal vere ein viktig del av undervisninga i skulen.
  2. Ha auka samarbeid mellom skule og næringsliv, mellom anna for å sikre tilbod om entreprenørskap gjennom heile skuleløpet.
  3. Satse på tidleg innsats, både i barnehage og skule, for born som treng ekstra støtte og sikre nok spesialpedagogiske ressursar til dette. 
  4. Legge betre til rette for leik og sjølvstyrt aktivitet i skulen, og ha gode og tilstrekkelege leike- og aktivitetsareal på skulane. 
  5. Styrke skulehelsetenesta.
  6. Legge til rette for at lærarar og skuleleiarar sit i førarsetet i utviklingsarbeidet på skular og i barnehagar.
  7. Sikre full barnehagedekning og slik at barn og familier skal få tilbod om barnehage i sitt nærområde.
  8. Jobbe for at barnehage- og skulebygga er moderne, tidstilpassa og godt vedlikehaldne.  
  9. Styrke tilboda på SFO, m.a. gjennom samarbeid med kulturskule og frivillige lag og organisasjonar. 
  10. Sikre gode oppvekstvilkår til barn i familiar med låg inntekt, gjennom til dømes gratis kollektivtransport, fritidskort, støttekontakt-ordning og leksehjelp.
  11. Styrke Førde som skuleby ved å støtte opp om og bidra til å utvikle dei vidaregåande skulane, fagskulen, høgskulen.
  12. Arbeide for å etablere ei entreprenørskapslinje på Høgskulen, lokalisert i Førde.
  13. Legge til rette for at det kan byggast eit studenthus i Førde sentrum og for at det kan byggast fleire studentbustader i sentrum. 
  14. Vere ein god vertskommune for skular, studentar og hybelbuarar. 
  15. Auke tilbud av læringeplassar i kommunen.
Helse- og omsorg

Sunnfjord Venstre vil:

  1. Følge opp reforma Leve heile livet i Sunnfjord og Bo trygt hjemme.
  2. Utvikle aktivitets- og dagtilbodet både for heimebuande og bebuarar på omsorgssentra.
  3. Utarbeide kompetanseplanar i tenestene for å sikre og utnytte kompetansen blant tilsette i helse- og omsorgstenestene.
  4. Auke stillinga som kreftkoordinator.
  5. Opprette stilling som demenskoordinator
  6. Sikre eit differensiert tilbod i demensomsorga, både for dei som bur heime og dei som har behov for heildøgns omsorg.
  7. Demente får tilpassa tilbod som t.d. song og musikk, turar og fysisk fostring.
  8. Erstatte Pensjonistheimen i Førde med nye omsorgsbustader og pusse opp eksisterande omsorgsbustader.  
  9. Bygge ny demensinstitusjon i Førde innan 2030.
  10. Etablere ordningar for å fleire helsearbeidarar til å arbeide i høgare stillingsprosentar og å stå lenger i jobb.
  11. Auke talet på sjukeheimsplassar. Ingen skal måtte flytte lenger unna heimen enn sitt næraste tidlegare kommunesenter. 
  12. Alle skal kunne få bu med ektemake, om begge ynskjer det.
  13. Vi skal legge til rette for gode bufellesskap der dei eldre kan hjelpe kvarandre, t.d.  kollektiv med fellesrom. 
  14. Vi skal følge opp nullvisjonen om at ingen skal bli utsatt for seksuelle overgrep med forebyggande tiltak.
  15. Styrke Helse Førde og Sentralsjukehuset som regional helseinstitusjon, og sikre spesialisthelsetenestene ved sentralsjukehuset. 
  16. Sikre universell utforming, slik at alle kan ha aktive liv og få tilgang til arbeidsliv og fritidsaktivitetar.
  17. Bruke private ordningar til avlasting som t.d. Inn på tunet/Grøn omsorg. 
  18. Styrke folkehelsa gjennom tilrettelegging for fysisk aktivitet og gode psykososiale tiltak.
  19. Kommunen skal ha gode, desentraliserte helsetilbod og gode helsesjukepleiartenester i skulane og ved helsestasjonane. 

Ha eit godt tilbod innan psykisk helse og rus, samt fleire lågterskeltilbod.

Kultur, idrett og frivillighet

Sunnfjord Venstre vil:

  1. Etablere eit Kulturkvartal i sentrum av Førde, som inkluderer bibliotek og kino, og arbeide for auka næringsutvikling knytt til kunst og kultur.
  2. Gratis halleige for barne- og ungdomsidretten.
  3. Styrke kulturskuletilbodet og særleg tilbodet innan dans, teater, film, musikk og visuell kunst.
  4. Bidra til betre samspel mellom frivillege organisasjoner og legge til rette for samlokalisering der dette er hensiktsmessig. 
  5. Unngå at kommunen i eigen regi lanserer tilbud der det finnest tilbud i frivilleg sektor som kan vidareutviklast.
  6. Vi vil støtte utbygging av ein nasjonal vektløftar-arena i Førdehuset, som også vil vere til stor nytte for anna idrett og aktivitet.
  7. Modernisere og utvide symjebassenget i Førdehuset.
  8. Utvikle det alpine skitilbodet ved å støtte utvidingsplanane til Jølster Skisenter.
  9. Støtte Sunnfjord Golfklubb sine planar om utvikling og utviding av anlegget, i første omgang nærmiljø/rekrutteringsdelen, i eit lenger perspektiv utviding til 18 hols golfbane.
  10. Støtte Langeland Skisenter sine planar om å utvikle anlegget til skiskytterarena og legge til rette for at området kan bli eit frilufts-  og turområde, sommar som vinter.
Attraktive lokalsamfunn

Sunnfjord Venstre vil:

  1. I sentrum og nærsentra skal vi legge til rette for bygging av einebustader,  leilegheiter og små høghus, som kan passe folk i ulike livsfasar.
  2. Etablere møteplassar og grøne korridorar der folk kan møtast i kvardagen. 
  3. Styrke Førde sentrum sine urbane kvalitetetar ved å legge til rette for sosiale møtestader og opplevingar, arkitektur, grøntareal og trivsel.
  4. Jobbe for at småsamfunna kan få utvikle seg uten at storsamfunnet sine rammer for dette.
  5. Legge til rette for samarbeid mellom private utbyggjarar og kommunen, samt nytte Husbanken og andre offentlege støtteordningar for å kunne tilby bustader til folk med ulike behov.  
  6. Legge til rette for gjenbruk av eldre bygningar i staden for å bygge nytt. Eldre bygningar er bygd i gode og miljøvenleg kvalitetsmateriale som med kunnskapsbasert vedlikehald kan stå seg i fleire hundreår til. 
  7. Vi skal utvikle ein bustad og folkepark på Ytre Øyrane gjennom transformasjon av industriområdet.
  8. I Sande sentrum må det ryddast opp i branntomta. Vi vil vurdere å etablere bustad/næringsareal,alternativt ei grøn lunge i sentrum på dette arealet.
  9. Vi vil prioritere bygging av parkeringshall i Hafstadfjellet rett bak sentrum. Dette kan samordnast med beredskapsrom/beredskapslager, og samfinansierast med staten i eit spleiselag. 
  10. Den nasjonale satsinga på forsvaret gir auka aktivitet og etableringar i heile landet. Vi skal arbeide for å etablere ein eller fleire større forsvarsfunksjonar i kommunen. 
  11. Førde sentrum treng ein sentrumsplan for å sikre effektiv og god planlegging av areal og sentrumsfunksjonar i eit 50-års perspektiv. 
  12. På Vassenden sør er arealet underdimensjonert, og trafikktryggleiken er dårleg iht barne- og ungdomsskule, idrettsbane, kyrkje, gravplass og samfunnshus. Vi vil regulere arealet mellom skulane til samfunnsspørsmål.
Ein veldriven kommune

Sunnfjord Venstre vil:

  1. Legge til grunn handlingsreglar for kommuneøkonomien knytt til bærekraftig gjeldsgrad, driftsresultat, investeringsfond og vedlikehald.
  2. Involverande og deltakande prosessar i utvikling av lokalsamfunn
  3. Jamnlege brukarundersøkingar for å sikre at tenestene er enkle og bruke og tilrettelagde for ulike brukargrupper. 
  4. Arbeide for å gjere det billegare å bu i Sunnfjord kommune. Vi vil ha ein gjennomgang av den totale avgiftsbelastninga for ein familie, der målet er å redusere totalkostnadane.
  5. Identifisere tungrodde prosessar og måle kommunen på saksbehandlingstid.
  6. Effektivisere og forenkle kommunale prosessar, og redusere behandlingstida der dette er mogeleg uten å gå på bekostning av kvalitet og lovverk.
  7. Bruke anskaffelsar og innkjøp til å påvirke marknaden i klimavenleg retning, herunder å bruke lokale leverandørar der det er mogeleg. 
  8. Støtte opp under nærmiljøråda sitt arbeid og etablere eit tilsvarande råd i Førde. 
Sirkulære Sunnfjord

Sirkulærøkonomi med auka ombruk og gjenvinning av ikkje fornybare ressursar, er bra for både klima, økonomi og natur.

Sunnfjord Venstre vil:

  1. Stille krav og vekte ombruk/gjenvinning i kommunen sine innkjøp og anskaffelsar, for å oppnå klima og miljøgevinstar.  
  2. Støtte det offentleg/private prosjektet på Øyrane med bruk av ny teknologi for mekanisk reinsing av avløpsvatn
  3. Hjelpe innbyggjarane med å forbruke mindre og gjenbruke meir, ved å støtte opp om reparasjonsverkstadar og bytemarknadar.
  4. Jobbe for å auke graden av materialgjenvinning frå rest- papir- og plastavfall, og gjere forsøk med lokal energigjenvinning frå organisk avfall, til dømes ved etablering av biogassproduksjon.
  5.  Sunnfjord Kommune og Sunnfjord Miljøverk må etablere samarbeid med andre kommunar og renovasjonsselskap dersom vi skal redusere ressursbruk, utvikle og auke sirkulærøkonomi, og skape nye bedrifter. 

Fullstendig program i pdf finn du her.