Ei stemme til Venstre er ei stemme til lokalpolitikarar som vil fremme gode rammer for innovasjon og berekraftig utvikling i eksisterande og fremtidige næringar i regionen. Me vil vere ein god og forutsigbar innkjøpar og gå gjennom kommunens praktisering av anskaffelsesreglementet for å fremme grønne anskaffelser og gründervennlige anbudskontrakter, Vi vil også vurdere å dele opp anbud i mindre kontrakter for at lokalt næringsliv kan delta i anbudskonkurransene Vi vil jobbe for god utnytting av eksisterande og nye næringsareal.
Me vil:
- styrke fagmiljøa me har i landbruket i Midt-Telemark, spesielt innanfor frukt og bær
- at Midt-Telemark skal vere eit leiande regionsenter innanfor økologisk landbruk
- fremme bruk av fornybar energi i alle offentlege og større private bygg
- kartlegge kva for type næringsareal kommunen treng
- jobbe for å gjenbruke eksisterande og etablere nye industriområde
- jobbe for sirkulære økonomiske næringskjeder der ulike næringar drar nytte av kvarandres biprodukt