God styring skal vera eit prinsipp i utviklinga av sentrumsområda våre. Nye etableringar er hjarteleg velkomne, men prinsippa i dei demokratisk bestemte arealplanane våre må vera styrande for byggeverksemd og etableringar. Me vil at kommunen skal vera føreseieleg for alle som skal bygge eller etablere seg, og at planverket skal gjelde for alle.
Me vil derfor:
- at sentrumsavgrensinga i Bø og Gvarv må ligge fast, med større vekt på fortetting
- jobbe for auka kollektivtilbod mellom tettstadene og grendene, slik at me kan få til god kollektivbruk i bu- og arbeidsregionen
- sjå ressursane i kommunen under eitt
- at fortetting må skje med arkitektonisk høg kvalitet og ta omsyn til grønnstruktur og trivsel