Friluftslivskommunen

Friluftsliv i Midt-Telemark

Ei stemme til Venstre er ei stemme til lokalpolitikarar som vil sikre innbyggarar i dag og i framtida gode friluftsområde, både i nærmiljøet og gjennom å etablere ei “markagrense” på Lifjell og andre større friluftsområde i kommunen. Me vil verne viktige friluftsområde frå framtidig utbygging.

Derfor vil me:

  • etablere ei absolutt grense for utbygging på Lifjell
  • vurdere liknande grenser for å ta vare på andre viktige friluftsområde i kommunen, t.d. Folkestadmogane, Berganåsen, Sauheradfjella og Breisås
  • ha god utbygging av veg- og stinett for gåande og syklande

forrige side neste side