Ei stemme til Midt-Telemark Venstre er ei stemme til lokalpolitikarar som veit at den einaste måten vi kan sikre gode arbeidshøve og aldersvennlege lokalsamfunn er å samarbeide på tvers av både sektorar og fag. Me vil ha eit mangfald av buformer – blant annet omsorgsboligar og bufellesskap – slik at ein kan få ein bolig som er tilpassa etter kor godt ein klarar seg sjølv og sikre at kommunale helsetenester har brukarane og deira perspektiv i sentrum. Spelar vi saman som eit lag, vil vi lykkast med å finne dei smarte løysingane.
Me vil derfor:
- fremme vidareutvikling av den lokale “Leve hele livet”-strategien
- at kommunen er svært bevisst på å bruke rett kompetanse til rett oppgåve slik at ein utnyttar dei tilgjengelege personalressursane best mogleg.
- legge til rette for at sjukeheim og omsorgsboligar har eit tilpassa tilbod som reflekterer enkeltmenneskes interesser og ønske.
- sikre at kommunale helsetenester har brukarane og deira perspektiv i sentrum
- prioritere forebygging i alle ledd innanfor helse