12. mai er den internasjonale dagen for ME, myalgisk encefalopati

Venstre

ME er ein sjukdom som påfører dei som vert ramma og deira næraste store lidingar – og ein sjukdom samfunnet har forsømt å møte på ein god måte.


Historiene om ME-ramma som har blitt svikta og mistenkeleggjort av det offentlege Noreg er mange og vonde.

Før jul 2022 var ME tema på Stortinget. Venstre utgjorde saman med Ap, SV, Sp, Raudt, MDG og KrF fleirtalet som no slår krystallklart fast at ME-sjuke ikkje lenger skal bli diskriminert i trygdesystemet, og ikkje bli pålagt behandling som anten ikkje finst eller i verste fall gjer sjukdomen endå verre.

I dag – på ME-dagen – har eg stilt spørsmål til regjeringa om når dette blir retta opp: Om det skjer i løpet av mai 2023 slik Arbeids- og inkluderingsministeren tidlegare har lovd. Det håpar eg ho står ved. For dette hastar.

Venstre vil ha eit krafttak i Noreg for å hjelpe dei ME-ramma – og det må skje på ein kunnskapsbasert måte.

Venstre vil:

  • At ME- sjuke skal bli møtt med kompetanse, forståing og fagleg fundert hjelp når dei møter offentlege instansar
  • Styrke forskinga kring ME
  • Styrke behandlingstilbodet for ME sjuke:
    At born og unge som får påvist ME skal få øyeblikkeleg hjelp/ oppstart av behandling
  • Prøve ut ambulente team for hardt råka ME pasientar:
    Dei som blir ramma av ME, er ofte så alvorleg sjuke at all energi går med til å handtere sjukdomen. Dei må sleppe å ta kampen for å bli høyrde og forstått åleine. No må samfunnet stille opp.

Lukke til med markeringa av ME-dagen rundt om i heile Noreg i dag!

Alfred Bjørlo